Anna Coleman Watts Ladd () var ein amerikansk bilethoggar som hadde både private og større offentlege oppdrag. Ho er mest kjend for at ho laga nærare 100 andletprotesar frå 1918 til 1919, for franske soldatar som var skadd under første verdskrigen. Ladd vart utnemnd til riddar av den franske Æreslegionen for arbeidet sitt for dei franske soldatane.
I tillegg til verksemda si som bilethoggar, skreiv ho to romanar: Hieronymus Rides (1912) og The Candid Adventurer (1913). Den første var ein historisk roman, den andre ein samtidskomedie. Dei vart melde då dei vart publisert, men er lite omtalt seinare i litteraturen om Ladd.
Bakgrunn og utdanning Anna Coleman Watts var dotter av velståande amerikanske foreldre. Dei flytta til Europa då ho var lita, og ho voks opp i Paris. Watts fekk privatundervising i språk, dans, pianospel, diksjon, historie og religion. Ho fekk si aller første kunstutdanning ved ein kunstskole nær Paris, medan ho enno budde heime hos foreldra. Den formelle kunstutdanninga hennar byrja då ho var rundt 20 år, i Roma. Ho har sjølv skrive at ho der blant anna fekk kritikk av Auguste Rodin, som var ein tidleg inspirasjon for henne.«kritikk», i betydningen korreksjon, veiledningRomm & Zacher (1982), s. 105Lubin (2008), s. 7
I 1905 gifta ho seg med legen Maynar Ladd i Salisbury-katedralen i England. Paret busette seg deretter i heimbyen hans Boston, der ho studerte tre år ved Boston Museum School under bilethoggaren Bela Pratt.Rubinstein (1990), s. 160
Kunst mini|«The American», ein av Ann C. Ladds tidlege skulpturar. alt=|mini|«Triton babies». Fontenefigurar av A.C. Ladd i Boston Public Garden. mini|Film frå 1918 som viser A.C. Ladd med assistentar og ein soldat som får tilpassa ei maske (ca. 6 min.) Etter at ekteparet flytta til Boston, vart Annan C. Ladd snart ein anerkjend kunstnar. Ho laga laga skulpturar av allegoriske figurar og skikkelsar, og portrettbyster. Allereie før 1905 hadde ho byrja å få oppdrag. Seinare laga ho blant anna ein skulptur av den italienske skodespelaren Eleanora Duse. Ladd laga også ei portrettbyste av den russiske ballettdansaren Anna Pavlova.
Dei tidlege arbeida hennes viser tydeleg påverknaden frå Rodin, og var utført i ein stil som vert kalla poetisk eller romantisk realisme. Seinare rørte ho seg over mot modernismen, med forenkla, glattare formar.Rubinstein (1990), s. 161 Ein kunsthistorikar, David M. Lubin, omtalte skulpturane hennar som nyklassisistiske, etterkvart med klåre trekk av art deco.Lubin (2008), s. 5 I ei omtale av bysta Ladd laga av Maria de Acosta Sargent i 1915, skriv forfattarane S. Romm og J. Zacher at ho har «fint detaljerte trekk med lang hals og overdrive lange og slanke fingrar, karakteristisk for Ladd sin elegante, om enn noko manierte stil».Sitert i Romm & Zacher (1982), s. 105: «finely detailed features [with] long neck and exaggerated length and slimness of the fingers as characteristic of Ladd's elegant, if slightly mannered style»
Ladd hadde eit sterkt ynskje om å laga skulpturar som kunne sjåast av mange. Ho ynskte sjølv at skulpturane hennar skulle vera oppstilte i det offentlege rom, i gater og parkar, og vera tilgjengelege for flest mogleg. Ladd ville gjerne stille skulpturar utandørs, og ho stilte ut arbeid i parken Boston Public Garden. Ho organiserte den første utandørs skulpturutstillinga i Philadelphia og vart invitert til å visa fem fontener på Verdsutstillinga i San Francisco i 1915.Sitat, gjengitt i Seaton-Schmidt (1911), s. 251: «My dream is to work for all outdoors, to produce sculpture to be placed on street corners, on walls, on the open roads» Fleire av hennar bronseskulpturar vart vist på denne verdsutstillinga. Portrettbysta av Eleanora Duse var, ifølgje utstillingskatalogen, ei av dei.
Anna C. Ladd var ein svært produktiv kunstnar. Ho var også aktiv i samfunnslivet. Ho grunnla the Guild of Boston Artists (på norsk ‘Boston kunstnarsamskipnad’).
Ladd stilte ut verka sine på fellesutstillingar og hadde soloutstillingar i New York og Washington, i tillegg til i Boston. mini|A.C. Maska til ladd for ein fransk soldat som hadde fått skutt bort delar av underandletet Etter eit år i Paris under fyrste verdskrigen, reiste Ladd attende til Boston og hald fram med arbeidet som bilethoggar. Ho fekk blant anna i oppdrag å laga eit krigsminne, Manchester War Memorial, i 1924. Møtet med dei ansiktslause soldatane og lidingane deira påverka i lita grad kunsten ho seinare skapa. Ein kunstkritikar karakteriserte noko av det ho laga som «lystige nissar og alvar som skapar glade fontener i hyggjelege hagar».«… sprightly Pucks and fairies to make glad the fountains of pleasant gardens». Sitert i Lubin (2008), s. 12
Portrettmasker for krigsskadde soldatar I 1917 reiste Anna C. Ladd sin mann til Europa, for å tenestegjere i Frankrike for den amerikanske Raudekrossen. Mannen hennar etablerte fleire sjukehus og velferdsstasjonar for kvinner og barn i Toul, austom Paris. Etter kvart reiste ho etter, for å laga andletprotesar for vansira soldatar som hadde fått øydelagt heile eller deler av andletet.Lubin (2008), s. 10
Francis Derwent Wood si avdeling i London Den britiske bilethoggaren Francis Derwent Wood (1871–1926) skreiv ein artikkel i tidsskriftet The Lancet i 1917.Wood (1917) Her skildra han detaljert sitt arbeid med å utvikla og utforma portrettmasker for soldatar som hadde fått andletet øydelagt i krigen. Soldatane kunne ikkje hjelpast tilfredsstillande med dåtidas plastkirurgi.Wood (1917). Sitat: «My work begins where the work of the surgeon is completed. When the surgeon has done all he can to restore functions, to heal wounds, to support fleshy tissues by bonegrafting, to cover areas by skin-grafting, I endeavour by means of the skill I happen to possess as a sculptor to make a man’s face as near as possible to what it looked like before he was wounded. My cases are generally extreme cases that plastic surgery has, perforce, had to abandon ; but, as in plastic surgery, the psychological effect is the same. The patient acquires his old self-respect, self-assurance, selfreliance, and, discarding his induced despondency, takes once more to a pride in his personal appearance. His presence is no longer a source of melancholy to himself nor of sadness to his relatives and friends. …»
» Ein av pionerane innan denne greina av kirurgien, Harold Delf Gillies (1882–1960), uttalte at plastikkirurgi nokre gongar berre makta å forandra eit horribelt andlet til eit latterleg andlet.Lubin (2008), s. 9: «Sometimes, as Gillies notes elsewhere, plastic surgery simply managed to make a horrible face ridiculous.» Derwent Wood var 45 år gammal då krigen starta. Han var dermed for gammal til å delta som soldat, så han gjorde i staden teneste ved Third London General Hospital i Wandsworth i England, og brukte sin bilethoggarkompetanse ved sjukehuset sitt «Masks for Facial Disfigurements Department» (norsk 'Avdeling for masker for anletdeformasjon').
I artikkelen i The Lancet skrev Derwent Wood at hans arbeid byrja der arbeidet til kirurgen slutta. Kirurgen gjorde det som var mogleg for å retta opp igjen funksjon og lege sår. Billedhuggeren brukte deretter sin kompetanse til å laga masker som dekte den vansira delen av andletet. Maskene var utført i tynne plater av forsølva og måla kopar. Dette gjorde dei avtakbare. Maskene vart individuelt tilpassa den enkelte soldaten, og var basert på bilete og skildringar av soldaten slik han såg ut før krigen. Maska vart måla med andletfargen til soldaten og festa med eit par briller eller med eit band rundt hovudet til soldaten.Wood (1917)
Annan C. Ladd-klinikken i Paris I løpet av første verdskrig fekk meir enn 600 000 franske soldatar skader som gjorde dei uføre eller vansiret for resten av livet.Romm & Zacher (1982), s. 104 I dei skyttargravene som ikkje hadde periskop tilgjengeleg, var hovuda til soldatane og andlet spesielt utsett. 2000 av dei franske soldatane fekk skutt i stykke heile eller deler av andletet. Frankrike hadde ingen klinikk der desse soldatane kunne få hjelp, utover det reint medisinske. Dei franske styresmaktane ynskte å gjera noko meir for å hjelpa, både medisinsk og med omskolering. I juli 1917, vart «The Bureau for the Reeducation of the Mutilated in France» (norsk: Kontoret for omskolering av dei skadde i Frankrike) oppretta. Dette skjedde i samarbeid med amerikanske Røde Kors. mini|A.C. Ladd sine avstøypingar av andleta til soldatar (øvst) og modellar klåre for masker (nedst). På bordet ligg ferdige masker. Ladd las Derwent Woods artikkel i The Lancet, og overtydde amerikanske Røde Kors om at dei måtte oppretta ei avdeling ved omskoleringsbyrået, der det kunne lagast andletprotesar for dei vansirede franske soldatane. I løpet av den tida det tok å organisera proteseklinikken, korresponderte ho med Derwent Wood, som sende ho detaljerte skildringar av teknikkane hans avdeling brukte for å lage andletmaskene.Lubin (2008), s. 10
I desember 1917 kom Anna C. Ladd til Frankrike. Våren etter dette opna ho, i samarbeid med den kirurgiske avdelinga ved Harvard Medical School, ein verkstad for andletprotesar i Latinarkvarteret i Paris.De skriftlige kildene har ulike tidspunkt for Ladds ankomst til Frankrike og for åpningen av klinikken. Noen skriver at klinikken åpnet i november 1917 (Romm & Zacher, 1982, s. 107; kildebelagt) Ladd hadde fire assistentar: Diana Blair frå Harvard Medical School og dei engelske bilethoggarane Robert Vlerick, Jane Poupelet og Louise Brunnen.
Etter slutten av verdskrigen vende Ladd tilbake til USA tidleg i 1919. Klinikken heldt fram i eit års tid under ein annan leiar før han stengde.Lubin (2008), s. 12
Arbeidet ho utførte i Frankrike vart positivt omtalt både i medisinske tidsskrift og i aviser og vekeblad. Ho vart tildelt ein ærespris ved Tufts University i 1923 og vart utnemnd til riddar av Æreslegionen i 1931.
Andletprotesane Ladd følgde Derwent Wood sin måta å laga masker på. Prosessen byrja med at det vart teke ein gipsavstøyping av andletet til soldaten. Deretter vart det laget ein leiremodell av andletet, der dei manglande delane var modellert så dei passa med den eksisterande delen av andletet, og likna bilete av soldaten frå før krigen. Den endelege maska vart laga ved å dekka den aktuelle delen av leiremodellen med galvanisert kopar, ca. 0,08 cm tjukk. Maska vog mellom 113 og 255 g, avhengig av kor stor del av andletet som skulle dekkast. Etter at maska var tilpassa, vart ho måla med matt, vaskbar emaljemåling, som likna mest mogleg på soldaten sin naturlege hudfarge. Detaljar som augebryn og mustasjar vart laga i tynn, strimla metallfolie, som òg vart måla for å sjå mest mogleg naturtru ut.
Klinikken hennar produserte 97 masker under leiinga til Ladd. Kvar av maskene tok rundt ein månad å laga. Maska vart verdsett som vellukka viss pasienten kunne spasera, med henne på, ned ein av boulevardane i Paris, utan å leggjast merke til. Mange av maskene var laga med delvis open munn, så soldaten kunne røykja med den på.Romm & Zacher (1982), s. 110 Dei fleste maskene var for franske soldatar. Nokre få av maskene vart laga for amerikanarar, for arabiske soldatar og for franske kvinner med brannskadar.Romm & Zacher (1982), s. 108
Sidan materialet i maskene var svært tynt, gjekk det berre få år før dei byrja å forfalla, men soldatane heldt fram å bruka dei òg etter at dei var vorte bulka og skadd. Det finst ikkje noko register over soldatane som fekk masker, eller informasjon om kva som skjedde når maskene vart øydelagd. Få av maskene eksisterer. Det er usikkert om det i det heile teke er nokre gjenverande masker. Biografen til Ladd, Sarah Crellin, gjekk ut frå at maskene vart gravlagde saman med eigarane.
Forfattarskap