Alicia Christian «Jodie» Foster () er ein amerikansk skodespelar, filmprodusent og filmregissør.

Liv og virke Ho spelte i reklamefilmar då ho var tre år, men fekk gjennombrotet sitt som barnestjerne i 1970-åra med filmar som Alice bor her ikke lenger (1974), Å, for en fredag (1976), Bugsy Malone (1976) og Den lille piken nederst i veien (1976), som gav henne ein Saturn-pris for beste kvinnelege hovudrolle. Ho vart spesielt kjend for rolla som ein barneprostituert i thrilleren Taxi Driver (1976), der ho vart nominert til Oscar-prisen for beste kvinnelege birolle.

I 1980-åra spelte ho mellom anna i filmane Fra lek til alvor (1980), Hotel New Hampshire (1984) og Siesta (1987). I 1989 vann ho ei rekkje bransjeprisar for rolla som voldtekstofferet Sarah Tobias i dramafilmen De tiltalte, mellom anna Oscar for beste kvinnelege hovudrolle. Ho vann den same bransjeprisen i 1992 for rolleskildringa av FBI-lærlingen Clarice Starling i skrekkfilmen Nattsvermeren, som er basert på boka til Thomas Harris. I løpet av 1990-åra hadde Foster òg roller i filmane Skygger og tåke (1991), Maverick (1994), Nell (1994), Kontakt (1997) og Anna og kongen (1999).

Ho har òg spelt i filmane Panic Room (2002), En langvarig forlovelse (2004), Flightplan (2005), Inside Man (2006), The Brave One (2007), Blodig alvor – Carnage (2011) og Elysium (2013). Foster har vorte nominerte til Golden Globe-prisen sju gonger og vunne to gonger. I 2013 vann ho æresprisen Cecil B. DeMille Award for sitt «framifrå bidrag til underhaldningsverda». I tillegg til dette har ho vunne éin Screen Actors Guild Award, tre BAFTA-prisar og to Saturn Awards.

Foster debuterte som filmregissør med dramafilmen Little Man Tate i 1991 og har sidan regissert spelefilmane Home for the Holidays (1995), The Beaver (2011) og Money Monster (2016). Ho har òg regissert ein episode av skrekkserien Tales from the Darkside (1988), to episodar av komedieserien Orange Is the New Black (2013–2014) og ein episode av dramaserien House of Cards (2014). Foster har vorte nominerte til to Primetime Emmy Awards for arbeidet på fjernsyn.

mini|Foster (til høgre) halden tale ved avgangsfesten til elevar ved University of Pennsylvania i mai 2006; her med rektoren Amy Gutmann.

Prisar og utmerkingar Foster har fått fire Oscar-nominasjonar for prestasjonane i Taxisjåføren, De tiltalte, Nattsvermeren og Nell, ho vann prisen for De tiltalte og Nattsvermeren. Ho har òg fått sju Golden Globe-nominasjonar, i tillegg til å ha vunne to. I 2013 vann ho Golden Globes heiderspris Cecil B. DeMille Award for sitt «framifrå bidrag til underhaldningsverda». Foster har elles vunne tre BAFTA-prisar for rolleskildringane i Taxisjåføren, Bugsy Malone og Nattsvermeren, og to Saturn Awards for innsatsen i filmane Den lille piken nederst i veien og Kontakt. Ho har òg vunne ein Screen Actors Guild Award for rolletolkinga i Nell og har fått to Primetime Emmy Awards-nominasjonar for arbeidet som høvesvis produsent og regissør for The Baby Dance og ein episode av Orange Is the New Black.

Filmografi (utval)

1974 – Alice bor her ikke lenger – Audrey 1976 – Taxisjåføren – Iris Steensman 1976 – Å, for en fredag – Annabel Andrews 1976 – Den lille piken nederst i veien – Rynn Jacobs 1976 – Bugsy Malone – Tallulah 1988 – De tiltalte – Sarah Tobias 1991 – Nattsvermeren – Clarice Starling 1991 – Little Man Tate – Dede (også regissør) 1994 – Maverick – Annabelle Bransford 1994 – Nell – Nell 1997 – Kontakt – Dr. Eleanor «Ellie» Arroway 1999 – Anna og Kongen – Anna 2002 – Panic Room – Meg Altman 2005 – Flightplan – Kyle Pratt 2006 – Inside Man – Madeliene White 2007 – The Brave One – Erica 2008 – Nims hemmelige øy – Alexandra Rover 2011 – Blodig alvor – Carnage – Penelope Longstreet 2011 – The Beaver – Meredith Black (også regissør) 2013 – Elysium – Secretary Rhodes 2016 – Money Monster (regissør)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jodie Foster» frå , den 11. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Los Angeles Kategori:USA-amerikanske regissørar Kategori:USA-amerikanske filmprodusentar Kategori:USA-amerikanske skodespelarar