Petra Amalie Margrethe Fleischer () var ein norsk forfattar, omsetjar, misjonær og fråhaldskvinne.
Bakgrunn Petra Fleischer var fødd i Skedsmo. Ho var dotter av sokneprest og prost John Svendsen Ulsaker og Marthe Marie Amble, og syster av komponisten Sven Ulsaker.Folketelling 1891 for 1157 Vikedal herred: Tellingskrets: 006 Tellingskrets 6: Hallingstad: Bosted land: 019 Hallingstad Ho kom tre år gammal til Vikedal i Ryfylke då faren i 1884 vart utnemnd til Vikedal sokneprestembete, og voks opp der. Frå 1893 var ho elev ved Fr. Rings jenteskule i Stavanger.
Virke i perioden 1899-1901 arbeidde ho halvanna år som guvernante. Ho lærte sjukepleie i Bergen i 1901-1902, og var i 1905 elev på Fødselsstiftelsen. Ho oppheldt seg i London i 1906, og reiste til Kina i 1907.
Ho vart gift i i 1908 i Kina med teologen, misjonæren, sakprosaforfattaren og biskopen Andreas Fleischer (1878-1957) av slekta Fleischer, bror av general Carl Gustav Fleischer (1883–1942).
Som vaksen vart ho lidenskapeleg oppteken av misjonen, og ho engasjerte seg aktivt i kristeleg og sosialt arbeid, blant anna i den internasjonale fråhaldsrørsla Det Kvite Band. Fleischer stod som nummer fem på Den første lista til Kristeleg Folkeparti til stortingsval i Bergen, i 1926.
Ho skreiv ei rekkje bøker og småskrifter, og var ein periode redaktør for det kristelege tidsskriftet For heim og samfund. I 1945 gav ho ut ei bok om den islandske filantropen Ólafía Jóhannesdóttir. Akkurat som Ólafía engasjerte bispinne Fleischer seg for dei svakaste i samfunnet, og gjorde ein iherdig innsats for fengselsfuglar, heimlause og prostituerte i Bergen.
Bibliografi
1920: Slik har vi det, det Norske missionsselskab 1921: Fortællinger for barn, Luthersk bokmission 1925: Ved hjemmets arne 1934: Hvad sier ditt liv? 1935: Hjemmet – en helligdom og et ansvar, Norsk søndagsskoleforbunds skriftserie, nr. 3 1936: Den fjerde bønn 1945: Islenderinnen Olafia Johannsdóttir
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Petra Fleischer» frå , den 15. november 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Folk frå Vindafjord Kategori:Folk frå Skedsmo Kategori:Norske misjonærar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Døde i 1963 Kategori:Fødde i 1881