Helga Fretheim () var ein norsk forfattar.

Familie Helga Fretheim var dotter av overrettsassessoren Hans Peter Krag Ellefsen og Fredrikke Charlotte Høgjer. Ho vart gift 29. oktober 1901 med soknepresten, læraren og Venstre-politikaren Thorstein Fretheim (1867-1927). Ekteskapet var barnlaust.

Liv og virke Helga Fretheim vart uteksaminert frå Kristiania Handelsgymnasium i 1894, før ho ein periode var tilsett hos entreprenørfirmaet Høgjer-Ellefsen, eit selskap som vart grunnlagt av bror hennar Sigurd.

Helga Fretheim skreiv i fleire år litterære småstykke under psevdonymet Lillemor Prestefrue. Etter at ektemannen døydde i 1927 gav ho ut bøker der ho brukte røynslene frå livet som prestefrue på landsbygda. Ho debuterte i 1928 med Dalen bakom fjellet, der fleire av forteljingane av Lillemor Prestefrue er med. Historiene er inspirerte av Engerdal, der ektemannen var prest i perioden 1903-1909.

Saman med Julie Enger stiftet Helga Fretheim i 1915 barnesamskipnaden Maigull på Årnes.

Bibliografi

1928: Dalen bakom fjellet, Lutherstiftelsen 1930: Simen postmann – og andre fortellinger, Lutherstiftelsen 1934: Fra prestegård og lave stuer, Lutherstiftelsen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Helga Fretheim» frå , den 16. november 2021.

Litteratur Dette skrev kvinner. Oslo: Skolen. 1984. s. 71-72. ISBN 8257900109. 

Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske forfattarar