Eva Bergh () var ein norsk skodespelar med lang fartstid ved Den Nationale Scene.

Bergh scenedebuterte ved Det Nye Teater i 1949 og filmdebuterte same år i Døden er et kjærtegn. Ho hadde ein framståande posisjon ved Den Nationale Scene i over 40 år, og gjorde mellom anna ei rekkje store ibsenroller. Ho har òg hatt ei rekkje hovudroller i musikalar, mellom anna My Fair Lady (1963), Kiss me Kate, Hello Dolly og Spelemann på taket. Dei dramatiske oppgåvene hennar omfattar utover Ibsen, rolla som Elizabeth i Schillers Maria Stuart og mora i Hans Wiers-Jenssens Anne Persdotter.

Etter filmdebuten i 1949 hadde Eva Bergh hovudrolla i filmar som Skadeskutt (1951), og dessutan leiande rollar i den svenske Hård klang (1952) og Tancred Ibsensin film Venner (1960) og den dansk-norske samproduksjonen Skal vi lege gjemsel? (Ska' vi leke skjul) (1971).

Eva Bergh var gift med komponisten Sverre Bergh (1915–1980).

Filmografi 1949 – Døden er et kjærtegn 1951 – Skadeskutt 1952 – Hård klang (svensk) 1952 – The Long Memory 1960 – Venner 1970 – Skal vi leke gjemsel? 2004 – Salto, salmiakk og kaffe

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Eva Bergh» frå , den 17. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Oppegård Kategori:Skodespelarar ved Den Nationale Scene Kategori:Norske skodespelarar