Julie Frederikke Back () var ein dansk-norsk skodespelar og dansepedagog.Kirkebok for København Sokkelund Trinitatis 68 (1861-1891) Døde (Qvindekjøn)
Liv og virke
Bakgrunn Julie Frederikke Back var fødd i København som dotter av skipskaptein Christian Marcher (1773-1830) og Christiane Magdalene Catharine Eleonore Rose (1788-1868). Ho var søster av operasongaren Louise Rudolfine Marcher (1818-1891, gift Sahlgreen).
Faren forliste med skip og mannskap i 1830, og etterlét familien i vanskelege kår. Julie vart gift 20. desember 1839 i Stavanger med skodespelaren og danselæraren Michael Nielsen Back (1813-1854).Ministerialbok for Borre prestegjeld 1852-1862 (0717Q)
Skodespelar Back var skodespelar hos Joachim Werner Weise i Bergen frå 1838. Frå 1841 var ho i Trondhjem hos Gustav Wilhelm Selmer. Frå hausten 1843 var ho igjen hos Weise, men denne gongen i Drammen. Saman med ektemannen og familien gjorde ho fleire reiser omkring i Noreg, tidvis knytte til ein trupp, tidvis utan. Dottera Emma var berre 8-9 år gammal då ho hjelpte foreldra ved ei aftanunderhaldning i Arendal i 1849.
I 1854-1855 gav Julie Back danseundervising i Drammen. Ho heldt fram same type verksemd i Trondhjem seinare i 1850-åra. Bortimot 1860 vende ho attende til fødebyen København.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Julie Back» frå , den 17. november 2021.
Kategori:Nordmenn frå 1800-talet Kategori:Folk frå København Kategori:Danske skodespelarar Kategori:Norske skodespelarar