May Britt Drugli () er ein norsk pedagog, dr.philos. og professor i pedagogikk ved NTNU. Forskingsområda hennar er lærar–elev-relasjonen i barnehage og skule; små born i barnehage; psykisk helse i barnehage og skule og dessutan barn med åtferdsvanskar.

I 1985 vart ho cand.paed. ved UiO med ei hovudoppgåve der ho vurderte rolla til mødreheimane, og i 2007 fekk ho doktorgrad (dr.philos.) ved NTNU, egionsenter for barn og unges psykiske helse (RBUP), med avhandlinga Young children treated because of ODD/CD : conduct problems and social competence in day-care and school settings.

Ho har i største del av karrieren arbeidd med utviklingsarbeid og forsking, og blant anna leia fleire forskingsprosjekt, men den første tida etter ho avslutta utdanninga i 1985, hadde ho òg stillingar ved barneheim og spedbarnssenter.

Frå 2012 har ho vore tilsett som professor i pedagogikk ved Regionalt kunnskapssenter for barn og unge – Midt-Noreg, der ho òg er forskingsleiar. Frå 2014 er ho i tillegg professor II ved Senter for praksisretta utdanningsforsking, Høgskulen i Hedmark.Senterets oversikt over ansatte (Besøkt 21. april 2015) I perioden 2012–2013 var ho forskar i 20 % stilling ved Spedbarnsnettverket, RBUP Øst, Oslo.

I 2013 fekk VG utført ei undersøking som viste at både små og store born vert smitta av stresset til foreldra. Drugli vart brukt som ekspertkommentator av fleire medium i samband med denne undersøkinga.Visjø, Camilla Tryggestad (6. oktober 2013) «Barn smittes av foreldrenes stress». I: VG Ho har òg sjølv utført forsking på stressnivået til barn.Tveter, Nina (30. august 2013) Skal teste stressnivået til barn. Gemini.no

Bibliografi (utval)

2010 – Liten i barnehagen : forskning, teori og praksis (fagbok) 2014 – «God start for ettåringen». Aftenposten, 23. juli 2014 (kronikk)

Vitskaplege artiklar

2010 – Drugli, MB, Larsson, B, Fossum, S, Mørch, WT. Five-to six-year outcome and its prediction for children with ODD/CD treated with parent training. Journal of Child Psychology and Psychiatry and Allied Disciplines, 51, 559-566 2011 – Drugli, MB, Klöckner, C & Larsson, B: Do demographic factors, school functioning, quality of student-teacher relationships as rated by teachers predict internalizing and externalizing problems among Norwegian schoolchildren? Evaluation and Research in Education, 4, 243-254 2011 – Drugli, MB & Undheim, AM. Relationships between young children in full-time day care and their caregivers: A qualitative study of parental and caregiver perspectives. Early Child Development and Care, 182, 1155-1165

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «May Britt Drugli» frå , den 18. november 2021. oppgav desse kjeldene: Druglis profilside, med CV, NTNU (Besøkt 21. april 2015)

Bakgrunnsstoff

Ettåringen i barnehagen med May Britt Drugli. Publisert på YouTube 22. august 2014. Produsert av RKBU Midt-Norge

Kategori:Professorar ved NTNU