«Chains on You» (norsk 'lenkjer om deg') er ein popsong av den gresk-armenske songaren Athena Manoukian. Songen skulle ha vore det armenske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020. Manoukian har skrive songen saman med DJ Paco, og songen vart utgjeven for digital nedlasting 14. februar 2020.

Eurovision Song Contest «Chains on You» skulle ha representert Armenia i Eurovision Song Contest 2020, etter at Athena Manoukian vann den armenske songtevlinga Depi Evratesil 15. februar 2020. Vinnaren av denne tevlinga får representere Armenia i Eurovision Song Contest. «Chains on You» var favoritten hos både den internasjonale jurygruppa og den armenske jurygruppa, men songen vart berre nummer tre i telefonavrøystinga.

I januar 2020 vart Armenia trekt ut til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy torsdag 14. mai. På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19. Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Utgjevingshistorikk RegionDatoFormatMerkeRef.Diverse14. februar 2020Digital nedlasting, strøymingUtgjeven på eige merke

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Chains on You» frå , den 15. desember 2021.

Kategori:Armenske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Ikkje-deltakande Eurovision Song Contest-songar