«Stay» (norsk 'bli') er ein popsong frå 2019 som vert framført av den moldovske songaren Anna Odobescu. Songen vann den moldovske songtevlinga O melodie pentru Europa 2019 og var det moldovske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.

Bakgrunn «Stay» er skriven av eit låtskrivarlag beståande av tysk-greske Georgios Kalpakidis, danskane Thomas og Jeppe Reil og svenske Maria Broberg. Songen vart send inn til den moldovske tevlinga O melodie pentru Europa på tv-kanalen Moldova 1 i mars 2019. Songen vart framført av Anna Odobescu og vann tevlinga. Gjennom sigeren vart songen det moldovske bidraget i Eurovision Song Contest 2019.

I januar 2019 vart Moldova trekt ut til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Moldova har startnummer 3. «Stay» enda på ein 12. plass i semifinalen og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 18. mai.

Sporliste Digital nedlastingNrTittelLengd1.«Stay»3:002.«Stay» (Alternativ edit)3:003.«Stay» (Instrumentalversjon)3:00

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stay (Anna Odobescu-sang)» frå , den 26. desember 2021.

Kategori:Moldovske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar