Jurijus Veklenko (), også kjend som berre Jurijus, er ein litauisk songar og musikar. Han representerte Litauen i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel med songen «Run with the Lions».

Bakgrunn Veklenko vart fødd i Klaipėda. Han har jobba med musikk og song i ei årrekkje og var blant anna støttevokalist for dei litauiske bidraga i Eurovision Song Contest 2013 og 2015. Under den nasjonale finalen i 2017 hadde han hovudvokalen på songen «Get Frighten» med dragartisten Lolita Zero.

I 2019 vann Veklenko Eurovizijos Atranka, den litauiske uttakinga til Eurovision Song Contest, med songen «Run with the Lions». Gjennom sigeren fekk han representere landet i Eurovision Song Contest i mai 2019. I januar 2019 vart Litauen trekt ut til å delta i semifinale 2 av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Litauen hadde startnummer 13. Veklenko vart ikkje blant dei ti beste i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen laurdag 18. mai. Han enda på ellevteplass og var berre eitt poeng unna tiandeplassen og ein plass i finalen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jurijus Veklenko» frå , den 29. desember 2021.

Kategori:Litauiske songarar Kategori:Litauiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-deltakarar