Madame Monsieur er ein fransk musikkduo beståande av vokalisten Émilie Satt og produsenten Jean-Karl Lucas. Duoen lagar musikk hovudsakleg innan pop, elektronika, elektronisk pop og fransk pop. Madame Monsieur representerte Frankrike i Eurovision Song Contest 2018 med songen «Mercy» i Lisboa i Portugal.
Bakgrunn Émilie Satt, fødd Émilie Sattonet, og Jean-Karl Lucas møtte kvarandre fyrste gongen i 2008 og skipa Madame Monsieur i 2013. I 2015 skreiv dei songen «Smile» for den franske rapparen Youssoupha, og dei deltok seinare i den franske musikk-tv-programmet Taratata. Duoen gav ut debutplata Tandem 4. november 2016.
1. januar 2018 vart det offentleggjort at Madame Monsieur var ein av deltakarane i Destination Eurovision, den franske uttakinga til Eurovision Song Contest 2018 med songen «Mercy». Duoen vann semifinalen og seinare finalen 27. januar og fekk dimed representere Frankrike i Eurovision Song Contest 2018 i Portugal. Der enda dei på ein 13. plass i finalen.
Madame Monsieur var med på å skrive songen «Roi», det franske bidraget i Eurovision Song Contest i 2019 som vart framført av artisten Bilal Hassani.
Medlemmar
Émilie Satt — hovudvokal Jean-Karl Lucas — produksjon og bakgrunnsvokal
Diskografi
Album TittelDetaljarHøgaste listeplasseringFRATandem Utgjeve: 4. november 2016 Selskap: Low Wood, Musicast Format: Digital nedlastning, CD—Vu d'ici Utgjeve: 20. april 2018 Selskap: Low Wood, Musicast Format: Digital nedlastning, CD39«—» indikerer at albumet ikkje nådde hitlisten.
Singlar TittelÅrHøgaste listeplasseringAlbumFRAFRA (nedl.)BEL (Va)«You Make Me Smile»2015———Tandem«Égérie»2016———«See Ya» (med S.Pri Noir)———«Morts ou vifs» (med Jok'Air og Ibrahim Maalouf)———«Partir»———«Tournera» (med Youssoupha)———«Mercy»201829210Vu d'ici«Comme une reine»———«—» indikerer at singelen ikkje nådde hitlisten.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Madame Monsieur» frå , den 29. desember 2021.
Kategori:Franske musikkgrupper Kategori:Franske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Franske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2018-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2018-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-låtskrivarar Kategori:Marcel Bezençon Awards-vinnarar