Morten Haga Lunde () er ein pensjonert norsk flyoffiser (generalløytnant). Han var sjef for Etterretningstenesta fra 2016 til 2020. I 2021 vart han tilsett i Norges Rederiforbund.
Lunde er utdanna navigatør frå Luftforsvarets flygeskole og gjennomførte Luftkrigsskulen I og II 1985-87, Forsvarets stabsskole I og II og NATO Defence College i 2002. Han har tenestegjort ved 333 skvadron, 330 skvadron og KNM Tordenskjold og i Luftforsvarsstaben. Han var sjef for 335 skvadron 1994-98 og leia det norske C-130-bidraget til IFOR/SFOR i 1995-97. Han vart utnemnd til oberst i august 2002 og tilsett som sjef for Luftforsvarsstaben/Planavdelingen. 1. august 2003 vart han brigader og tilsett som Luftoperativ inspektør. Han vart utnemnd til generalmajor og tilsett som sjef for Avdeling for operasjoner og beredskapsplanlegging i Forsvarsdepartementet. Lunde vart deretter sjef for Forsvarsstaben/Operasjonsavdelingen og han var frå august 2010 til august 2013 nestkommanderande ved Forsvarets operative hovedkvarter. 23. august 2013 vart han utnemnd til generalløytnant og sjef for Forsvarets operative hovedkvarter.«Morten Haga Lunde blir ny sjef for Forsvarets operative hovedkvarter», regjeringen.no, 23. august 2013.
Han var sjef for Etterretningstenesta fra januar 2016 til august 2020.Han er Norges nye etterretningssjef, NRK, 22. mai 2015
20. mars 2017 blei han kåra til Årets nynorskbrukar av Nynorsk kultursentrum.
Prisar og utmerkingar Lunde er berar av Forsvarets heiderskross«Sjefsbytte på hovedkvarteret» , forsvaret.no, 7. oktober 2015., Forsvarsmedaljen med laurbærgren, Politimedaljen med laurbærgren, Forsvarsmedaljen med to stjerner, Forsvarets medalje for internasjonale operasjoner, Luftforsvarets vernedyktighetsmedalje med tre stjerner, NATO-medaljen (Jugoslavia), Oslo Militære Samfunds hederstegn og Politiets Afghanistanmedalje.«Ny operativ toppsjef» , forsvaret.no, 23. august 2013.«En høyaktuell øvelse » , Forsvaret, 12. mars 2015. Lest 17. mars 2015.
Kjelder Referansar
Denne artikkelen bygger på «Morten Haga Lunde» frå , den 17. januar 2022.
Kategori:Norske generalar Kategori:Forsvarsmedaljen med laurbærgren Kategori:Folk frå Os i Hordaland