Lowell Bailey () er ein USA-amerikansk skiskyttar frå Lake Placid. Han er pr 2022 den einaste frå USA som er verdsmeister i idrettsgreina.

Aktiv Bailey deltok i sitt fyrste verdsmeisterskap i 2003, og i sine fjerde og siste olympiske vinterleikar i 2018. Under VM i skiskyting 2017 i Hochfilzen var han i sitt livs form. Etter fjerdeplass i sprint-tevlinga fylgde han opp med sjetteplass på jaktstarten. På 20 km skaut han 20 treff og tok gullmedaljen på øvinga, 3,3, sekund føre Ondřej Moravec frå Tsjekkia. Sigeren var hans einaste i verdscup-tevlingar, i tillegg kom han på pallen i to andre verdscuprenn. Også på den avsluttande fellesstarten i VM 2017 prikka Bailey inn 20 treff, noko som gav han sjetteplassen. I dei individuelle tevlingane i meisterskapen trefte han på 59 av 60 skot. Prestasjonane under VM 2017 gjorde at han enda på 8. plass i verdscupen i skiskyting.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lowell Bailey» frå , den 25. februar 2022.

Kategori:USA-amerikanske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2006 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2010 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2014 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2018