Mina Fürst Holtmann () er ein norsk alpin skirennar frå Bærum, medlem i Bærums SK.
Holtmann vann super-G under NM i alpine greiner 2014, og utfor og super-G ved noregsmeisterskapen 2015. I junior-VM 2015 rende ho inn til siger i utforrennet. Under NM i alpine greiner 2022 i Narvik sikra ho seg gullmedaljen i så vel slalåm som storslalåm.
Holtmann har delteke i verdscupen i alpine greiner sidan 24. januar 2015. Den 17. desember 2019 presterte ho sitt livs beste tevling, vart då nummer 2 i storslalåmrennet i Courchevel. I den same 2020-sesongen vart ho nummer 7 i FIS-cupen i storslalåm, totalt enda ho på 20. plass i verdscupen i alpine greiner.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mina Holtmann» frå , den 4. mars 2022.
Kategori:Norske alpinistar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2022 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2022 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2026 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2026 Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Folk frå Bærum