Brain Capers er det fjerde studioalbumet til det engelske rockebandet Mott the Hoople.
Det kom ut i november 1971 i Storbritannia på Island Records og på Island Records i Canada. I januar 1972 kom det òg ut i USA på Atlantic Records.
Utgjevinga selde dårleg i starten og det var det einaste av albuma til Mott the Hoople som ikkje gjek inn på albumlista i Storbritannia eller USA.
Den første arbeidstittelen var AC/DC, men vart byta ut med ein kombinasjon av dei alternative titlane Brain Damage og Bizarre Capers..This is referenced by an oblique credit on the back cover that reads «Sleeve - Bizarre Damage.» (Original Atlantic Records pressing, cat. no. SD 8304.) Dei første innspelingane vart produserte av bandet sjølv, men vart gjevne opp og deira svengali Guy Stevens vart henta inn for å berge innspelinga. Fleire av desse innspelingane dei gjorde på eiga hand dukka opp på All the Young Dudes: The Anthology og som bonusspor på Angel Air-utgåvene av Mott the Hoople-albuma.
Plateomslaget på den originale britiske og kanadiske utgåva har ikkje maska ein kan sjå på den amerikansk versjonen (og somme seinare nyutgjevingar). Det var ei faktisk maske på innsida av den britiske versjon av albumet, men ikkje med den kanadiske utgåva. Bandnamnet og linja under det er midt på omslaget, der maska ville ha vore og tittelen vart flytta til toppen.
Albumet er dedisert til James Dean.
Innhald
«The Wheel of the Quivering Meat Conception» er i røynda del to av «The Journey», som byrjar med inntoning der «The Journey» tidlegare tona ut.
Medverkande Mott the Hoople Ian Hunter – gitar, klaverinstrument, vokal Mick Ralphs – sologitar, vokal Pete Watts – bass, vokal Dale «Buffin» Griffin – trommer, vokal Verden Allen – klaverinstrument, vokal
Andre medverkande Jim Price – trompet på «Second Love» Guy Stevens – piano, produsent
Teknisk Andy Johns – lydteknikar Zal Schreiber – mastering Richard Polak – fotografi
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Brain Capers» frå , den 15. mars 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Mott the Hoople-album Kategori:Island Records-album Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Album produserte av Guy Stevens