mini|Marineinfanteristar frå 3. marineinfanteridivisjon går i land ved Bougainville. Amfibisk krigføring inneber åtak på landbaserte mål med militære styrkar frå skip. Amfibisk krigføring krev landgangsfartøy eller helikopter for å transportera soldatar til land frå skipa som har ført dei til området.
Målet med å setja soldatar i land frå skip er å avslutta konfliktar. Rein sjøkrig har sjeldan ein avgjerande effekt, og marsj over land er ikkje alltid eit alternativ. Mange land har eigne styrkar med marineinfanteri for dette føremålet. For tida er USA sitt United States Marine Corps det største, og det einaste med eige flyvåpen. Halvparten av marineinfanteristane i verda høyrer heime i denne avdelinga.
Eit amfibisk åtak er ein av dei mest vanskelege militære operasjonane. Det krevst koordinering av eld frå skip og luftfartøy, medan bakkestyrkane skal setjast i land på ei kystlina som er kontrollert av fienden – som ofte har ein enorm fordel på grunn av det opne landskapet på dei fleste strender.
Invasjonen av Normandie, Slaget om Iwo Jima og Falklandskrigen er nokre av dei mest vidgjetne amfibiske operasjonane i historia.
Ei planlagd militær landsetjing som går føre seg utan kamphandlingar vert kalla ei administrativ landsetjing.
Historie Før første verdskrigen mini|Japanske skip rundt 1243, fylt med fotsoldatar.
I krigane mellom Hellas og Persarriket i 499–448 f.Kr. og dei peleponnesiske krigane vart det brukt landgangsoperasjonar. Den første amfibiske operasjonen ein kjenner til er då grekarane, i følgje Homer i Iliaden, sette styrkar i land på stranda nær Troja. Det første kjende åtaket på ei strand var i slaget ved Marathon i 490 f.Kr.. Persarane etablerte eit bruhovud i eit forsøk på å invadera Hellas. Dei hadde modifiserte skip med ramper for hestane, ein forgjengar til moderne landgangsfartøy.
Romarane tok Kartago med ein landgangsoperasjon i 202 f.Kr., og Julius Cæsar gav jamvel styrkane sine særskilt trening i landgangar før han invaderte England i 55 f.Kr.. Engelskmenna vart òg slegne av Vilhelm Erobraren etter ein landgang ved Hastings i 1066.
Mongolane freista å ta Japan med en invasjonsflåte på 1200-talet, men lukkast ikkje. Japanarane invaderte Korea seint på 1500-talet men vart slegne attende to gonger av flåten til den koreanske admiralen I Sun-sin.
Under den amerikanske revolusjonen i 1776 storma amerikanske styrkar Britisk Bahamas. Skipskanoner gjorde no at flåten kunne stø soldatane som gjekk i land, men samstundes vart det utvikla kystartilleri, som var eit trugsmål mot flåten. Krigsskip måtte no byrja å eskortera handelsskipa som kom med menn, utstyr og forsyningar. Under den amerikanske borgarkrigen sette nordstatsmarinen gong på gong små styrkar i land både langs kysten og oppover elvane. Sørstatsgeneralen Robert E. Lee uttalte at «Kvar flåten enn kan sendast kan me ikkje stå imot landsetjingane... Me har ingenting som kan stå imot det tunge skytset hans.»
Under den spansk-amerikanske krigen utvikla marinen i USA nye taktikkar for landsetjingar. Dei mest kjende trefningane er då 650 marineinfanteristar tok Guantánamo Bay og 16 000 soldatar vart landsette ved Santiago på Cuba, sjølv om den sistnemnde styrken stort sett mislukkast i krigsmåla sine.
Første verdskrigen og mellomkrigstida mini|Britiske soldatar i mai 1915 gjer seg klare til å gå i land ved Gallipoli
Under første verdskrigen var moderne amfibisk krigføring enno eit ungt felt. Både taktikk og utstyr var enkelt og ofte improvisert.
Under denne perioden var britiske Royal Marine Light Infantry (RMLI) stort sett i bruk som militærpoliti og kanonmannskap ombord på krigsskip. Dei vart i 1914 slegne saman med divisjonen Royal Naval Division, som var sett opp av Royal Navy. Meininga var at dei skulle kjempa på land. Trass i dette måtte hærstyrkar utgjera hovudtyngda av kampstyrkane i landgangsoperasjonar gjennom krigen. RMLI vart på 1920-talet slege saman med Royal Marine Artillery til Royal Marines.
Den første landgangen i første verdskrigen var i 1914 og enda i katastrofe. Ein større styrke frå den den britisk-indiske hæren vart sende for å gå i land ved byen Tanga i det som då heitte Tysk Austafrika. Tyskarane der oppdaga dei britiske førebuingane og rakk å førebu seg på invasjonen. Resultatet var at dei britisk-indiske styrkane måtte trekkja seg ut med store tap og utan det tyngre utstyret sitt.
Den allierte invasjonen mot Det osmanske riket i slaget om Gallipoli i 1915 var ein enno større katastrofe enn Tanga. Soldatar rodde i land i opne kvalbåtar eller vart frakta inn med slepebåtar. Dei uerfarne allierte soldatane vart praktisk talt slakta ned av dei osmanske forsvararane. Mange kom seg ikkje eingong ut av båtane. Ved den andre landgangen ved Suvla i august var dei utstyrte med føregangaren til moderne landgangsfartøy, den pansra «Beetle» (engelsk: Billa). 489 000 soldatar vart sette inn på alliert sida, og av desse vart 252 000 drepne, skadde eller sjuke. Tala for dei tyrkiske forsvararane var rundt ein halv million mann i forsvar, og rundt halvparten av desse drepne, skadde eller sjuke.
I mellomkrigstida utvikla USA spesialisert utstyr for landgangar. Nye landgangsfartøy og amfibiske køyretøy vart prøvde ut. Skipa vart lasta slik at ein kunne lossa dei på ein føremålstenleg måte; ikkje slik som tidlegare, då ein berre la vekt på å få med seg mest mogleg. I 1910 hadde marinekorpset etablert skulen for amfibiekrigføring som dei hadde i New London i Connecticut. Under general John Lejeune utvikla dei ein ny doktrine, publisert i 1934 som Tentative Landing Operations Manual, ein manual som til ein viss grad er aktuell den dag i dag.
Andre verdskrigen mini|Den japanske ekspansjonen fram til 1942 gav dei eit enormt område å forsvara, mykje av det var spreidde øyar.
I løpet av stillehavskrigen vart det gjennomført eit utal landgangsoperasjonar, først under den japanske ekspansjonen, deretter under den allierte «øyhoppinga» for å driva japanarane attende. Japanarane lét dei amfibiske styrkane sine svinna vekk etter framgangen dei hadde hatt fram til 1942, og førebudde seg heller på statisk forsvar av områda dei hadde vunne. I mellomtida perfeksjonerte marinekorpset og hæren til USA landgangsoperasjonar. På grunn av den avgrensa storleiken til marinekorpset hadde hæren både fleire landgangsoperasjonar og fleire skip enn marinekorpset. På denne tida tok ein òg i bruk luftborne åtak bak strandlinja i samspel med landgangen.
Presis nærstønad både frå skipsartilleri og fly frå hangarskip hjelpte angriparane i å overvelda forsvararane. Samvirket mellom dei amerikanske våpengreinene sette standarden også for ettertida.
I Europa innsåg dei allierte etter det mislukka Diepperaidet i 1942 at vidareutvikling av amfibisk krigføring var heilt naudsynt før ein kunne setja i verk ein invasjon av det europeiske fastlandet. Ein av dei direkte følgjene av dette var at det vart utvikla mange spesialkøyretøy, særleg for amfibiske operasjonar. Først av desse var Amtrac (kort for Amphibious Tractor), eit amfibisk pansra køyretøy. Marineinfanteriet hadde no eit visst vern i den sårbare perioden fram til dei kom opp på stranda. Amfibielastebilen GMC DUKW, kalla Duck ('and') til vanleg, vart òg teken fram og mykje brukt. Stridsvogner vart også tilpassa symjing eller spesielle oppdrag på stranda. Dette inkluderte «teppelegging» for å betra underlaget for andre køyretøy, fylling av grøfter med røyrbuntar (fascine), minerydding og berging av andre køyretøy.
Dei nye køyretøya spelte ei viktig rolla då invasjonen av det europeiske kontinentet endeleg vart sett i verk gjennom den største landgangsoperasjonen i historia, den allierte landgangen i Normandie. To arméar, ein britisk og ein amerikansk, vart sette i land. Frå 6. juni til slutten av månaden hadde dei allierte fått i land 850 000 mann og 150 000 køyretøy på det europeiske fastlandet. Andre kjende landgangar under andre verdskrigen var operasjon Torch i Nordafrika i 1942, landgangen på Sicilia i 1943 og landgangen ved Anzio i 1944.
Nyare tid mini|Russiske BTR-80 amfibiske pansra personellkøyretøy på øving i 1994. Dei same vognene var truleg i sovjetisk teneste nokre år før.
Etter andre verdskrigen vart amfibiske operasjonar mindre viktige, men ikkje uaktuelle. Framleis var det nyttig å halda fienden på tå hev gjennom å kunna trua kystlinene hans. Berre USA opprettheldt amfibiske styrkar i same skala som under andre verdskrigen, men fekk berre brukt dei til éin stor operasjon i etterkrigstida, nemleg ved Inchon i 1950 under Koreakrigen. Der vart 70 000 mann sette i land bak nordkoreanske liner, noko som letta trykket på SN-styrkane i Pusan og var eit vendepunkt i krigen. Etter dette hadde US-amerikanske flåtar marineinfanteri klåre med utstyret sitt på skip i Stillehavet og Middelhavet. Det vart brukt ein eller fleire forsterka bataljonar på rundt 1 800 mann per flåte.
Amfibiske styrkar leia operasjonar i Den dominikanske republikken i 1965, i Suez-krisa i 1956 og under Falklandskrigen i 1982.
Under Golfkrigen deltok ein landsetjingsstyrke på 43 skip med 18 000 marineinfanteristar frå USA. Denne styrken batt opp mellom sju og elleve irakiske divisjonar som førebudde seg på ei landsetjing som aldri kom.
Under heile den kalde krigen hadde Warszawapakta ståande amfibiske styrkar for å truga Noreg og landa rundt Austersjøen, Svartehavet og Middelhavet. NATO hadde sine styrkar ståande klåre for mottrekk i de same områda. Amfibiestyrkane vart spådd ei kort framtid under heile etterkrigstida, men finst enno.
Amfibiske operasjonar mini|Filippinske marineinfanteristar på amfibisk angrepsøving.
Amfibiske operasjonar vert delte inn i fleire typar, oftast desse fire: Amfibisk landsetjing, amfibisk tilbaketrekking, amfibisk demonstrasjon og amfibisk raid.
Amfibiske styrkar vert òg brukte til andre oppgåver, til dømes evakuering av sivile frå krigssoner og elveoperasjonar. Dette siste har vorte mykje brukt dei siste 20 åra, fordi amfibiske styrkar ofte er dei som eignar seg best til denne typen operasjonar. Eit døme frå nyare tid er då USA, Frankrike og Storbritannia henta ut om lag 4 000 sivile frå Elfenbeinskysten i november 2004. Eit anna døme er Operation Assured Response, der USA henta ut 2 440 sivile frå Monrovia i Liberia mellom april og juni 1996.
Under planlegging av amfibieoperasjonen skal ein koordinere sjøstyrkar, landstyrkar og luftstyrkar. Dette er eit av dei vanskelegaste punkta, og det finst fleire historiske døme på at det kan gå gale. Ulike metodar vert praktiserte, men ein utnemner vanlegvis ein maritim styrkesjef og ein landstyrkesjef. Før styrkane er sette i land er det ofte den maritime styrkesjefen som har kommandoen over landstyrkane.
I planleggingsfasen tek ein høgd for ein del ulike faktorar i tillegg til vanlege militære operasjonar. Nokre av desse er:
Posisjonar der amfibiefartøya skal lasta ut mindre fartøy og helikopter må setjast ned på førehand. Ein må finna ut korleis grunnen er ved strendene ein skal landsetja på, både over og under vatn. Ein må òg vita om det er mogleg å rykkja vidare inn i landet frå stranda. Minefelt og hindringar, både på land og i vatnet. Landingssoner for helikopter. Tidspunkt for landsetjinga (D-dag og H-time). Her må ein vurdera mellom anna tidevatn, vêr, føre, lystilhøve og fienden sine disposisjonar.
Amfibisk landsetjing mini|Ein amerikansk flåte med ulike klassar skip for amfibisk krigføring undervegs på ei øving. Amfibisk landsetjing vert rekna for å vera den vanlegaste forma for amfibieoperasjon. Det er ein operasjon gjort frå sjøen mot eit fiendtleg område.
I samband med landsetjingsoperasjonar vert det ofte landsett styrkar frå lufta, bak fienden sine linjer. Dette er for å sikra eigne styrkar for motåtak og for generelt å skapa kaos for fienden. Operasjonen vert nesten alltid understøtta av fly i taktiske og strategiske operasjonar, for å oppretta eit luftherredøme over landgangsområdet.