Haugesund International Jazz Festival eller Sildajazz er ein norsk jazzfestival som vert arrangert årleg i Haugesund i Rogaland. Festivalen er den nest største i Noreg. Han vart starta i 1987 med fire band, og har sidan vokse til å omfatta rundt 70 band og bortimot 400 norske og utanlandske musikarar fordelt på meir enn 200 arrangement.
Festivalen vert arrangert av stiftinga Sildajazzen og får støtte frå Haugesund kommune, Rogaland fylkeskommune og Norsk kulturråd.
Under festivalen vert ein norsk jazzmusikar eller -gruppe gjeven Sildajazzprisen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sildajazz» frå , den 23. desember 2025.
Kategori:Kultur i Haugesund Kategori:Musikkfestivalar i Noreg Kategori:Skipingar i 1987 Kategori:1987 i Noreg