Sofie Marhaug () er ein norsk litteraturvitar og politikar frå Bergen. Ho representerer partiet Raudt på Stortinget i perioden 2021-25.
Marhaug var medlem i Bergen bystyre frå 2011, var gruppeleiar frå 2015 til -21. Ho er stipendiat i allmenn litteraturvitskap og var mellombels tilset ved Universitetet i Bergen. Hausten 2021 vart Marhaug vald til stortingsrepresentant frå Hordaland og partiet Raudt. Ho er særleg oppteken av klimapolitikk, så på Stortinget vart ho vald til andre nestleiar i Energi- og miljøkomitéen.
Kjelder
Sofie Marhaug ved roedt.no
Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Raudt Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Folk frå Bergen