mini|Musselin er eit tynt og gjennomsynleg stoff. mini|Marie Antoinette i musselinkjole, måla av Élisabeth Vigée Le Brun i 1783. Musselin (frå arabisk mausili, 'frå Mosul') er eit svært tynt vove bomullstekstil som blei frakta til Europa frå byen Mosul i dagens Irak på 1600-talet. Stoffet blei særleg populært som kjolestoff i Frankrike på 1700-talet og byrjinga av 1800-talet. Det har seinare særleg blitt brukt til kjolar og gardin.

Langt tidlegare er stoffet kjent frå Bengal, der det kanskje opphavleg blei laga. I Periplus Maris Erythraei frå det første hundreåret e.Kr. er musselin nemnt som ei eksportvare frå Bengal, og i det åttande hundreåret skryt den arabiske handelsmannen Sulaiman i Salsilatu-t Tawarikh av eit svært tynt bomullsstoff frå Bengal som han ikkje har sett maken til andre stader.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Musselin» frå , den 3. mai 2022.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tekstilar