Newbrough er ein landsby i Northumberland i England, ved nordbreidda av elva South Tyne rundt nordvest for Hexham.

Historie venstre|mini|Newbrough Town Hall Newbrough er staden for nokre av dei mange romerske festningane langs den opphavlege nordlege grensa til den romerske Stanegate-vegen som blei bygd i år 71. Kyrkja i Newbrough, St Peter's Church, er bygd på staden til ein av festningane.

Newbrough var i eldre tid del av Manor of Thornton. Eit bustadtårn (tower house) kjent som Thornton Tower blei rapportert på staden, men blei sagt å vera i forfall i 1541. Bygningen er no heilt i ruinar, men er verna med Grade II.

Newbrough Hall er eit herskapshus frå tidleg 1800-tal. Det er verna som Grade II*.

Newbrough Town Hall er rekna som ein av dei flottaste i Tynedale. Rådhuset stod ferdig i 1878, og blei omvølt i 1998.

Women's Institute-bygningen, tidlegare Mechanics Institute, blei bygd i 1854 og er verna som Grade II. I 1948 blei han gjeven til Newbrough Women's Institute (WI), som var blitt skipa i 1923. I 2000 gav WI bygningen til Town Hall. Foreininga har no møte i Town Hall, noko ho også gjorde før 1948.

Ei mile nord for landsbyen ligg ein bekk kalla Meggie's Dene. Dette skal vera staden ei heks på 1500-talet kalla Old Meg blei gravlagd.

Landsbyen har ein barneskule, Newbrough CE First School, Han er tilknytt Church of England.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Newbrough» frå , den 3. mai 2022.

Bakgrunnsstoff

Village website (Fourstones & Newbrough)

Kategori:Landsbyar i Northumberland