Pinewood Smile er det femte studioalbumet til det britiske hardrockbandet The Darkness. Det var produsert av Adrian Bushby og kom ut 6. oktober 2017. Det var det første albumet deira som kom ut på Cooking Vinyl og det første heile albumet med Rufus Tiger Taylor på trommer, etter at Emily Dolan Davies slutta i bandet i 2015.
Bakgrunn Detaljar om albumet vart først avslørte i mars 2017 på Facebook-sida til bandet, og var estimert å kome ut seint i 2017. Albumet vart spelt inn i Vada Recording Studios i Worcestershire og var produsert av den prisvinnande produsenten og lydteknikaren Adrian Bushby, som har arbeidd med andre rockeband som Muse, Foo Fighters og Smashing Pumpkins. Same dagen gav bandet ut den første singelen frå albumet, «All the Pretty Girls». Tre andre singlar frå albumet — «Solid Gold» og «Southern Trains» kom òg ut, to av dei før albumet 18. august og 25. september, medan «Happiness» kom ut 24. november.
Eit konsertopptak av «Buccaneers of Hispaniola» kom ut på singel i april 2018 før konsertalbumet Live at Hammersmith
Mottaking
Pinewood Smile fekk generelt positive meldingar frå musikkritikarane. På Metacritic, som gjev ein vekta karakter opp til 100 basert på offisielle meldingar, har albumet ein gjennomsnitleg score på 71 basert på sju meldingar. Kerrang! rangerte abumet som det 23. beste i 2017 på årslista si.
Innhald
Vinylutgåva kom utan sporet «Happiness» på grunn av avgrensa plass.
Medverkande
The Darkness Justin Hawkins – vokal, gitar, piano Dan Hawkins – gitar, korvokal Frankie Poullain – bass, korvokal Rufus Tiger Taylor – trommer, korvokal
Produksjon Adrian Bushby - miksing, plateprodusent George Perks - lydteknikar Mike Marsh - mastering
Salslister Liste (2017) Plassering
Singlar Solid Gold nådde femteplassen på Kerrang! Rock Chart i september 2017Kerrang! Rock Chart, Kerrang!, issue 1688, page 14. medan Southern Trains nådde 14. plassen på den same lista i oktober same året.Kerrang! Rock Chart, Kerrang!, issue 1693, page 14.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pinewood Smile» frå , den 12. mai 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 2017 Kategori:The Darkness-album Kategori:Cooking Vinyl-album