Liten laksetobis (Arctozenus risso) er ein fiskeart i laksetobisfamilien som finst i dei fleste tempererte og tropiske hav i verda. Han er den einaste arten i slekta Arctozenus.

Utsjånad Fisken er svært lang og smal med spist hovud, store auge og ein stor munn med kvasse tenner. Han er sølvfarga. Kroppen minner om den til ein barrakuda, og bukfinnane og ryggfinnen er plasserte langt bak på kroppen. Den lengste finnen er analfinnen, som har 30 til 32 finnestråler. Nær halefinnen har han ein liten feittfinne. Lengda kan vera opptil 30 cm.

Levesett Den mindre laksetobisen er ein pelagisk fisk som lever frå havoverflata til djupner på 2 200 meter. Føda består av småfisk og reker. Han leikar i tempererte og tropiske farvann. Larvene er pelagiske.

Utbreiing Arten finst i sørlege Arktis og i alle tempererte og tropiske hav mellom 71°N og 55°S. Han unngår vatna kring Dei britiske øyane, men går inn i det vestre Middelhavet. Laksetobisen vitjar ein sjeldan gong norske farvatn.

Arten er føde for mange pelagiske predatorar, som blekksprutar, vanlege delfinar og albakorar. For menneske har han inga økonomisk tyding.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mindre laxtobis» frå , den 14. juni 2022.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Laksetobisfamilien