Renata Pytełewska-Nielsen () er ein polsk-dansk tidlegare friidrettsutøvar frå Otwock som særleg utmerkte seg i lengdehopp.
Ho utvandra til Danmark i 1980-åra og representerte sidan Danmark. Som Renata Nielsen vann ho bronsemedaljen i lengdehopp ved Friidretts-VM 1993. Den 5. mai 1994 sette ho dansk rekord med 6,96 meter i eit stemne i Sevilla. Våren 1996 vann ho lengdetevlinga under innandørs-EM 1996 i Stockholm med eit bestehopp på 6,76 meter.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1990 i Split: Nr 11 – 6,35 m VM 1991 i Tokyo: - OL 1992 i Barcelona: Nr 11- 6,06 m VM 1993 i Stuttgart: Bronsemedalje – 6,76 m EM 1994 i Helsinki: Nr 4 – 6,82 m VM 1995 i Göteborg: Utslått i kvalifiseringa (6,42 m=nr 22) OL 1996 i Atlanta: - VM 1997 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (6,49 m=nr 19)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Renata Pytełewska-Nielsen» frå , den 17. juni 2022.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Danske lengdehopparar Kategori:Danske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Danske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996