Zaniar Matapour () er ein norsk-iransk mann dømd for terror etter han den 25. juni 2022 skaut inne på puben Per på hjørnet i Oslo. To menn vart drepne og 21 skada.
Han er den fyrste i Noreg som vart dømd til 30 års forvaring.
Bakgrunn Zaniar Matapour kom som flyktning frå Iran til Noreg i 1991, etter at familien hadde vore to år i Pakistan. Dei busette seg i Bergen og flytta seinare til Oslo. Matapour har lenge slite med psykiske vanskar, og har vorte diagnostisert med diagnosen paranoid schizofreni.
Zaniar Matapour vart dømd for knivstikking i 1999, men seinare frifunnen på fleire punkt. Seinare vart han dømt for lagring av 100 gram kokain, sikta for å ha avfyrt skot i Oslo og dømt for å ha gått med ein kniv på ein offentleg stad. Han har vore i søkjelyset til PST sidan 2015, og har hatt fleire samtalar med Politiets tryggingsteneste. Desse samtalane vert gjennomførte med personar som står i fare for å verta radikalisert. Den siste samtalen var berre nokre veker før skytinga i Oslo
Matapour har vore i kontakt med Arfan Bhatti, ein tidlegare dømd islamistisk ekstremist. Våren 2022 vart Zaniar Matapour saman med Bhatti stansa i ein bil i forbinding med ein SIAN-demonstrasjon.
Kjelder
Kategori:Norske brotsfolk Kategori:Nordmenn av iransk opphav