Fortune Everett Gordien () var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som særleg utmerkte seg i diskoskasting, men òg var ein framifrå kulestøytar. Bortsett frå tre veker i 1953 var han verdsrekordhaldar i diskoskast frå 1949 til 1959.
Aktiv Gordien vart tredjemann i diskoskast ved Sommar-OL 1948, slått av italienarane Adolfo Consolini og Giuseppe Tosi. Året etter sette han verdsrekord med 56,36 m i Lisboa den 3.juli, ein rekord han forbetra til 56,77 m i Hämeenlinna den 14. august. I juni 1953 sletta landsmannen Sim Iness rekorden hans, men allereie den 11. juli var Gordien tilbake som verdsrekordhaldar då han kasta 58,10 m i Pasadena. Same staden den 22. august 1953 smekka han til med 59,28 meter, visstnok med berre 48 menneske til stades. Under dei olympiske sommarleikane i Melbourne hausten 1956 sikra Gordien seg sølvmedaljen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1948 i London: Bronsemedalje i diskoskast – 50,77 m OL 1952 i Helsinki: Nr 4 i diskoskast – 52,66 m OL 1956 i Melbourne: Sølvmedalje i diskoskast – 54,81 m, bakom Al Oerter (56,36 m)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fortune Gordien» frå , den 2. juli 2022.
World Athletics
Kategori:Diskoskastarar frå USA Kategori:Kulestøytarar frå USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1948 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956