Trecia-Kaye Smith () er ein jamaicansk tidlegare friidrettsutøvar som i 2005 vart verdsmeister i tresteghopp.
Aktiv Sesongane 2004 og 2005 høyrde Smith med i den ypparste verdseliteen i tresteghopp for kvinner. Tidleg i august 2004 presterte ho livsbeste 15,16 meter ved eit stemne i Linz. Trass i sterke 15,02 m i dei olympiske leikane i Athen enda ho på fjerdeplassen. Året etter viste ho seg frå si beste side under VM-finalen i Helsinki den 7. august. Ho avslutta tevlinga med dei tre lengste hoppa og vann med ein margin på 29 cm. Sidan heldt ho ikkje same høge nivå, men hoppa langt nok til å vinne øvinga i samveldeleikane 2006 og 2010.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1997 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (13,34 m=nr 21) VM 2001 i Edmonton: Nr 8 – 13,92 m OL 2004 i Aten: Nr 4 – 15,02 m VM 2005 i Helsinki: Gullmedalje – 15,11 m, framom Yargelis Savigne (14,82 m) VM 2007 i Osaka: Utslått i kvalifiseringa (13,47 m=nr 24) OL 2008 i Beijing: Nr 11 – 14,12 m VM 2009 i Berlin: Nr 5 – 14,48 m OL 2012 i London: Nr 7 – 14,35 m
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Trecia-Kaye Smith» frå , den 9. juli 2022.
World Athletics
Kategori:Jamaicanske tresteghopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Jamaica Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012