mini|Kutikula eller det ytre hudskjelettet hjå leddyr, som hjå krabbar, er eit sterkt organisk materiale. lenkje=//upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/9f/Fingernail_label.jpg/250px-Fingernail_label.jpg|høgre|mini|Den daude hudstripa ved naglerota, mellom negla og huda, blir omtalt som kutikula (cuticle). Kutikula er eit fleksibelt, men ofte hardt organisk materiale. Kutikula finst hos plantar og dyr, særleg hjå rundormar og leddyra, der det er del av det ytre skjelettet.

Hjå plantar Hjå plantar er kutikula det voksaktige belegget som blir produsert av hudcellene til bladet.

Hjå virvellause dyr Kutikula finst særleg hjå leddyr og rundormar, der det er del av det ytre skjelettet. Det ytre skjelettet er lagdelt og blir skifta ut når dyret veks. Kor mange hamskifte dyra går gjennom varierer mellom dei ulike organismane.

Hjå menneske Kutikula finst fleire stader på menneske, og er «døde hudceller». Det finst i overhuda (epidermis), ved hårrota som vern av hårsekken og ved neglerota.

Kutikula ved neglerota blir kalla for negleband.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kutikula» frå , den 2. august 2022.

Kategori:Anatomi