Belle & Sebastian er eit skotsk indieband frå Glasgow som blei skipa i 1996 av Stuart Murdoch og Stuart David. Debutalbumet deira, Tigermilk, kom ut i 1996. Etter ein pause på åtte år gav dei ut albumet A Bit of Previous i mai 2022.
Bandnamnet Belle & Sebastian er inspirert av barneboka Belle et Sébastien av den franske forfattaren Cécile Aubry.
Bandmedlemmer
Stuart Murdoch: 1996– (vokal, gitar og keyboard) Stevie Jackson: 1996– (vokal og gitar) Chris Geddes: 1996– (keyboard) Richard Colburn: 1996– (trommar) Sarah Martin: 1996– (fiolin, keyboard, gitar og vokal) Mick Cooke: 1998– (trompet og bass) Bobby Kildea: 2001– (gitar og bass)
Tidlegare medlemmer
Isobel Campbell: 1996–2002 (vokal og cello) Stuart David: 1996–2000 (bass)
Diskografi
Album og samlingar ÅrTittelVG-lista1996Tigermilk# 201996If You're Feeling Sinister# 231998The Boy with the Arab Strap# 72000Fold Your Hands Child, You Walk Like a Peasant# 172002Storytelling# 32Filmmusikk til filmen Storytelling.2003Dear Catastrophe Waitress# 102005Push Barman to Open Old Wounds—Samling av B-sider2005If You're Feeling Sinister: Live at the Barbican—Live-innspeling av If You're Feeling Sinister2006The Life Pursuit# 162006Late Night Tales: Belle & Sebastian—Album kompilert og miksa av Belle & Sebastian. Bandet har berre ein eigen låt på albumet.2008The BBC Sessions—Dobbeltalbum. Første disk er opptak som ikkje er blitt gjevne ut før, medan den andre disken er ein konsert frå Belfast i 2001.2010Belle & Sebastian Write About Love# 282012Late Night Tales: Belle & Sebastian (Volume 2)—Album miksa og kompilert av Belle & Sebastian. Bandet har ein song på albumet, ein coverversjon av The Primitives' «Crash».2013The Third Eye Centre—Samling med B-sider.2015Girls in Peacetime Want to Dance—2022A Bit of Previous—
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Belle & Sebastian» frå , den 3. august 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Britiske musikkgrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1996