André Nilsen () er ein norsk politisk aktivist. Nilsen arbeider for ein kunnskapsbasert og human ruspolitikk.
Han blei styreleiar i den ruspolitiske organisasjonen Normal Norge i desember 2018. Han blei seinare òg nestleiar i brukarorganisasjonen RIO sitt lokallag i Bergen kommune i november 2021. Nilsen jobbar til vanleg som erfaringskonsulent i NAV Bergen, der arbeider han i prosjektet «Aktiv sør», som er eit arbeidsretta tiltak for personar med rusmiddelrelaterte utfordringar.
Nilsen har vore aktiv i rusdebatten i norsk media. Han byrja å bruka videodelingstjenesten TikTok i mai 2020; han bruker tenesta til å snakka om mellom anna cannabis, ruspolitikk og rettane til unge i møte med politiet. Nilsen har i tillegg deltatt i NRK-programmet Debatten (2021) om rusreforma, og blei same år intervjua av Leo Ajkic i dokumentarserien Rus (2021). VG omtalte Nilsen som ein «rusinfluencer» i april 2022 for engasjementet hans i norsk media om rusmiddel. Sosiolog og forskar ved avdeling rusmiddel i Folkehelseinstituttet, Ola Røed Bilgrei, meinte at det var riktig og viktig at det fanst stemmer som den til Nilsen i eit liberalt demokrati.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «André Nilsen» frå , den 28. august 2022.
Kategori:Norske organisasjonsleiarar Kategori:Norske aktivistar Kategori:Norske internettkjendisar Kategori:Folk frå Bergen