St. Olav vidaregåande skule er ein vidaregåande skule i Stavanger. Han er den største i regionen innanfor studiespesialisering. Skulen tilbyr òg International Baccalaureate. Skulen har plass til 800 elevar, noko som gjer han til ein stor skule i norsk samanheng. Rektoren er Karl Roar Vigmostad. Opptak av nye elevar krev eit høgt karaktersnitt, samanlikna med andre vidaregåande skular i regionen. I 2021 hadde St. Olav ei poenggrense på 45,3. Skulen ligg sentralt i Stavanger, og samlar elevar frå heile Sør-Rogaland. Soge Skulen vart skipa saman i 1921, då som Stavanger handelsgymnasium. I 1960-åra vart Stavanger handelsskule skild ut som ein eigen skule, likevel heldt begge skulane til i same bygg. Etter namnereforma i 1976 skifta handelsskulen namn til Ledaal vidaregåande skule, medan Stavanger handelsgymnasium vart heitande St. Olav vidaregåande skule. Skulane vart slått saman att i 1996, og beheldt namnet St. Olav.

St.Olav har òg tilbode yrkesfaget Service og Samferdsel, som vart flytta til Jåttå vidaregåande skule i 2011, dermed vart skulen ei rein studiespesialisering og IB-skule.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «St. Olav videregående skole (Stavanger)» frå , den 1. november 2022.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Vidaregåande skular i Rogaland