mini|Skisse av snorleik mini|Gutar driv med snorleik i Hanoi. Snorleik er ein leik der ein lagar ulike figurar med ei snor som er samanknytta i endane og som ein lagar ulike figurar med på hendene. Denne leiken blir gjerne utført parvis ettersom ein får større variasjon om ein kan nytta fire hender. Gjennom å halda snora på ulike måtar med fingrane kan ein skapa ulike mønster, som «vogge», «fisk på fat» og «hage». Nokre gonger kan ein laga figurane i lag med ei fast tilknytt forteljing. Snorleiken er svært gammal, og er utbreidd over heile verda.About string figures. International String Figure Association. Hämtad 2015-07-09Gryski, Camilla (1985). Lätta och roliga snörlekar - 22 olika lekar. Stockholm: Carlsen. 32 s. . Nokre av dei kjende mønsternamna kjem frå navajofolk i Nord-Amerika.
Historie mini|Plinthios Brokhos-figuren
Den eldste dokumentasjonen av ein figur laga med ei snor er frå den greske legen Heraklas, som skildra ein slik figur til å halda ein broten kjeve på palss i det fyrste hundreåret. Verket han skreiv om kirurgiske knutar og fatle blei bevart i Oribasius sitt verk 'Medisinske samlingar' frå 300-talet. I figuren til Heraklas har ein haka i midten og fire løkker som blir festa nær toppen av hovudet. Denne figuren blri kalla Plinthios Brokhos, men er også kjend blant australske aboriginarar som The Sun Clouded Over eller 'Den overskya sola'. Inuittar skal ha figurar som viser den no utdøydde mammuten.T. T. Paterson (1949), "Eskimo String Figures and Their Origin," Acta Arctica 3:1-98.
Antropologen Franz Boas skildra nokre inuittiske snorfigurar i 1888. Deretter er det blitt skildra over 2000 ulike figurmønster over heile verda.Averkieva, Julia P. and Sherman, Mark A. (1992). "Introduction by Mark A. Sherman", Kwakiutl String Figures , p.xiii. University of British Columbia. . Ein finn snorleikar i ei rekkje ulike kulturar. Alfred Wallace fortalde om ei reise på Borneo på 1800-talet der han ville underhalda nokre ungdommar frå dayakfolket med ein snorleik, men blei overraska over at dei verka å kjenna til leiken, og viste han nokre figurar og overgangar han sjølv ikkje hadde sett før.Buchanan, Andrea J. and Peskowitz, Miriam (2007). The Daring Book for Girls, p.277. .Wallace, Alfred (1872). The Malay Archipelago, Volume 1, p.89. Macmillan. Antropologen Louis Leakey tilla kjennskapen sin æra for å ha redda livet hans,Morell, Virginia (1996). Ancestral Passions, p.33. . og skreiv om å ha brukt leiken tidleg på 1900-talet for å oppnå tillit hjå folkeslag i Afrika sør for Sahara. Læraren hans A.C. Haddon skal ha sagt: «You can travel anywhere with a smile and a piece of string.»
Antropologen som James Hornell studerte snorleikar frå 1880-talet til rundt 1900, og ein prøvde bruka dei til å finna opphavet til og utviklinga av kulturar. På eit tidspunkt meinte ein at snorleik måtte ha eit enkelt opphav, men no meiner ein dei truleg har oppstått sjølvstendig i fleire ulike kulturar. Det er samla inn og skildra mange figurar frå Søraust-Asia, Japan, Sør-Amerika, Karibia, stillehavsøyar, inuittar og andre amerikanske urfolk.Gryski, Camilla (1983). Cat's Cradle, Owl's Eyes: A Book of String Games, p.4. . Det er også samla inn figurar frå Afrika og Europa. Eit a hovudverka om emnet er String Figures and How to Make Them av Caroline Furness Jayne.
I 1978 blei International String Figure Association (ISFA) skipa for å samla, ta var på og formidla snorleik slik at framtidige generasjonar også kunne ta del i denne eldgamle underhaldningsforma.
Snorleik er avbilda på det norske frimerket NK1069 frå 1989, eit europamerke.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Snörlek» frå , den 2. november 2022.
Denne artikkelen bygger på «String figure» frå , den 5. november 2022.
Bakgrunnsstoff
International String Figure Association
Kategori:Leikar