Knut Kvale er ein norsk språkteknolog som har spesialisert seg på lydteknologi.
Kvale er sivilingeniør frå 1987 og har ein doktorgrad frå 1993 ved institutt for Teleteknikk, NTNU. Han har vore sentral i utviklinga av taleteknologi hos Telenor. Han har også vore aktiv i utforminga av norsk språkteknologi, m.a. som medlem av rådet i Språkbanken.
Kvale arbeider som seniorforskar ved avdeling for forsking og framtidsstudium ved Telenor og har vore professor II ved Universitetet i Oslo, institutt for medier og kommunikasjonKvale, Knut. (2014). Norsk språk i eit taleteknologisk perspektiv. Sprog i Norden. 9-23. og professor II i taleteknologi/signalbehandling ved Universitet i Stavanger 1999-2006.
Bibliografi (utval)
Kvale, Knut & Sell, Olav & Hodnebrog, Stig & Følstad, Asbjørn. (2020). Improving Conversations: Lessons Learnt from Manual Analysis of Chatbot Dialogues. 10.1007/978-3-030-39540-7_13. Kvale, Knut. (2014). Norsk språk i eit taleteknologisk perspektiv. Sprog i Norden. 9-23.
Kjelder
Kategori:Språkteknologi Kategori:Norske sivilingeniørar