Sophie Román Haug () er ein norsk fotballspelar som spelar for Roma i Serie A.

Klubbkarriere Etter å ha spela for Kløfta Idrettslag, gjekk Román Haug til LSK Kvinner i 2015. Ho var sterkt delaktig i at LSK Kvinner vann serie- og cupgull i 2018, blant anna med 14 seriemål. Året etter vart det berre eitt mål i serien, før ho vart toppskårar for LSK Kvinner i 2020 med åtte scoringar. Ho vart i 2021 teken ut på årets lag i Toppserien av NTB, etter ni mål på 15 seriekampar.

I desember 2021 vart det kjent at LSK Kvinner hadde avslege to bod på Román Haug frå den italienske klubben Roma. Agenten var frustert over manglande fornuft og samarbeidsvilje hos romeriksklubben som kravde ein høg sum for Román Haug. Ho sjølv uttala at «Eg er skuffa over at LSK ikkje vil gje meg moglegheita til å kunne drive med fotball på heltid. Men eg forheld meg til kontrakten og overlet det til klubbane å kome til semje om kva som skjer vidare».

Klubbane vart til slutt samde og i januar 2022 signerte Román Haug for Roma, og vart det dyraste salet frå LSK Kvinner nokonsinne.

Landslagskarriere Román Haug har landskampar for J15, J16, J17, J19, U23 og det norske A-landslaget.

Román Haug scora mål for J19-landslaget under U19-EM i fotball for kvinner 2018.

Román Haug vart teken ut på det norske A-landslaget for fyrste gang i 2018. I 2022 vart ho teken ut til landslagstroppen til EM i England, trass i at ho enno ikkje hadde fått sin debut på A-landslaget. I juni kom debuten, da ho vart bytta inn for Ada Hegerberg i ein privatlandskamp mot Danmark i forkant av europamesiterskapen.

Román Haug scora sine tre fyrste A-landslagsmål i VM-kvalifiseringskampen heime mot Albania, den 6. september 2022.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sophie Román Haug» frå , den 9. november 2022.

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Ullensaker