Diamond Jenness, CC FRCGS () var ein av dei største tidlege forskarane i Canada,Granatstein, J., 1998. "Sir William Logan", Maclean's magazine, vol. 111, no. 26, (July 1), pp. 38–40. og ein pioner innan kanadisk antropologi.

Bakgrunn (1886–1910)

Diamond Jenness var fødd i Wellington på New Zealand som det nest yngste av ti barn i ein mellomklassefamilie. Far hans var urmakar og juveler, og installerte også fleire klokker i tårn i offentlege bygningar på New Zealand. Familien blei oppmuntra til å lesa og driva med musikk og idrett. Jenness lærte seg å overleva utandørs og skyta, kunnskap som kom til å hjelpa han i Arktis seinare i livet.

Utdanning I tidleg alder viste Jenness evne til å læra. Han oppnådde sitt fyrste stipend då han var 12. På denne tida var vidaregåande utdanning berre tilgjengelege for barn frå velståande familiar på New Zealand, så stipendet gjorde det mogleg for Jenness å fullføra high school og tre års college. Han oppnådde seks prisar i det siste året av den vidaregåande utdanninga si: Matematikk, naturvitskap, latin, fransk og engelsk, og blei utrop til toppstudent. Han var elev ved Lower Hutt School og studerte så ved Wellington College. Han og systera May var dei einaste av syskenflokken som gjekk på college.

Jenness gjekk ut frå University of New Zealand (frå colleget som då blei kalla Victoria University College) med ein B.A. i 1907 og ein M.A. i 1908. Han fekk first class honors for begge gradene. Så, som 22-åring, fekk han eit stipend som gjorde at han kunne halda fram studia ved Balliol College ved University of Oxford. Her tok han Diploma in Anthropology i 1910 og M.A. i 1916.

Karriere (1911–1948)

Feltarbeid nord i D’Entrecasteaux Frå 1911 til 1912 studerte han som Oxford Scholar ei lite kjend folkegruppe frå D'Entrecasteaux-øyane aust i Papua Ny-Guinea. Jenness skreiv om eitt møte:

They peered at me from out-of-the-way corners, or through the doors of their huts, always at a safe distance. Recalling a children’s [game] I had learned in one of the coast villages, I stooped down, tapped the ground with my fingers and chanted the refrain. The children drew nearer and nearer, and one or two with broad smiles began to imitate me. Then with a piece of string, I made some of their own cat’s cradle figures and held them out for their inspection. This turned the scale. Five minutes later a laughing crowd surrounded me…The natives could hardly believe that I was a white man, and kept asking my [guides] who I was, how I came to speak their language and where I had learned their game.Jenness, Diamond and Stuart E. Jenness, 2008. "Through Darkening Spectacles: Memoirs of Diamond Jenness" Mercury Series, History Paper 55, Gatineau, QC: Canadian Museum of Civilization, p.33

Canadian Arctic Expedition I 1913 blei Jenness invitert til å vera med i den statleg støtta ekspedisjonen Canadian Arctic Expedition (CAE) som var leia av to polarutforskaraar, Vilhjalmur Stefansson og R.M. Anderson.Collins, Henry B. & Taylor, William E. Jr. "Diamond Jenness (1886–1969)". Han skulle vera ein av dei to antropologane på laget; den andre var Henri Beuchat.Helmer, James. "Arctic Profiles". Department of Archaeology. Calgary, Canada. I juni det året, etter å såvidt ha kome seg frå gulfeber han hadde fått på Ny-Guinea, gjekk Jenness ombord på kvalskipet «Karluk» i lag med 12 andre forskarar. Skipet gjekk opp kysten av British Columbia mot Nome i Alaska, der laget møtte Stefasson, som hadde kjøpt to skonnertar på 60 fot for å hjelpa ekspedisjonen. Dei tre fartøya fortseett så mot møtepunktet sitt, Herscheløya, like aust for munningen av Mackenzie-elva i Nordvestterritoria.

Møtet fann aldri stad. 12. august sette «Karluk» seg fast i isen. Stefansson, sekretæren hans McConnell, Jenness, Wilkins (seinare sir Hubert Wilkins) og to lokalfolk la ut for å skaffa kjøt til mannskapet. Medan dei var i land dreiv «Karlak» vestover til Aust-Sibir-havet, der skipet til slutt blei knust i isen utanfor Vrangeløya. Tretten av dei som var ombord døydde, mellom dei Henri Beuchat.Natural Resources Canada. Diamond Jenness profile , nrcan.gc.ca; accessed February 3, 2018.

Utan skip la jaktlaget ut til fots mot Barrow i Alaska (Utqiaġvik), 150 miles unna, der dei håpte dei kunne møta dei to andre ekspedisjonsfartøya, «Mary Sachs» og «Alaska». I Barrow fekk dei vita at dei to skipa låg for anker i Camden Bay, og dei gjorde dette til vinterbase. Jenness blei verande vinteren over i Harrison Bay i Alaska, der han lærte det lokale språket og samla informasjon om lokale skikkkar og folkeminne. Året etter, i 1914, med hjelp frå tolken Patsy Klengenberg, som var son av ei inuittisk kvinne og handelsmannen Christian Klengenberg), byrja Jenness å studera inuinnaitfolk eller Copper Inuit, også kalla Blond Eskimos, i Coronation Gulf-området.Canadian Museum of History, "The People of the CAE" Denne folkegruppa hadde hatt særs lite kontakt med europearar, og Jenness, som no var den einaste antropologen i ekspedisjonen, fekk eineansvar for å dokumentera den innfødde levemåten i dette området. mini|Hubert Wilkins sitt fotograf av Ikpukhuak og sjamankona hans Higalik Jenness budde to år i lag med inuinnaitfolk. Han levde som adoptivson av jegeren Ikpukhuak og sjamankona hans Higalik (namnet tyder 'Ishus'). I denne tida jakta og reiste han i lag med familien, og delte både feiringar og svolt med dei. Det å leva i lag med ein familie han studerte og dela dei daglege opplevingane deira var ei svært uvanleg føreteing for etnologar på denne tida. Morrison skreiv i Arctic Hunters: The Inuit and Diamond Jenness at: «His goal was to understand the Copper Inuit on their own terms, not in relation to some preconceived ‘ladder of creation’ with Europeans perched firmly at the top.»Morrison, David “Arctic Hunters: The Inuit and Diamond Jenness”, 1992, Canadian Museum of Civilization, pp. 14-15

Jenness skreiv om det fyrste året sitt med inuittane:

By Isolating myself among the Eskimos ... I had followed their wanderings day by day from autumn round to autumn. I had observed their reactions to every season, the disbanding of the tribes and their reassembling, the migrations from sea to land and from land to sea, the diversion from sealing to hunting, hunting to fishing, fishing to hunting, and then to sealing again. All these changes caused by their economic environment I had seen and studied; now, with a greater knowledge of the language, I could concentrate on other phases of their life and history.Jenness, Diamond “The People of the Twilight”, 1928f, p. 191

Opphavet til Copper Eskimos og koparkulturen deira I ein artikkel for Geographical Review fortalde Jenness korleis inuinnaitfolk (Copper Inuit) er meir nærskylde med folkegrupper i aust og søraust enn med vestlege kulturelle grupper. Han baserte denne konklusjonen på arkeologiske funn, materiale brukte til hus, våpen og reiskapar, kunst, tatoveringar, skikkar, religion og språklege mønster. Han nemnde også korleis dei døde blir behandla: om dei blir dekte av stein eller tre, utan nokre gjenstnadar som i vest, eller lagt ubeskytta på bakken med gjenstandar rundt seg som i aust: «laid out on the surface of the ground, unprotected but with replicas of their clothing and miniature implements placed beside them.»Jenness, Diamond. "Origin of Copper Eskimos and Their Copper Culture." Geographical Review. 13(4): 540–551.

Jenness meinte at «Copper Eskimos» var i ein pseudo-metallalder, mellom stein- og jernalderen, fordi dei behandla kopar som ein meir formbar stein som dei hamra til reiskapar og våpen.

Fyrste verdskrigen Dei vitskaplege medlemmane av Canadian Arctic Expedition fullførte oppdraget sitt og forlet nordområda i 1916. Jenness fekk eit kontor ved Victoria Museum of Ottawa og beden om å skriva ein rapport om funna sine. Etter seks månaders intenst arbeid med det innsamla materialet, notata og dei fyrste rapportane sine til styresmaktene, meldte Jenness, som var uroa over utviklinga i Europa, seg som soldat, og gjortde teneste i Frankrike og Belgia. Sidan han var nokså kortvaksen og spinkel blei han gjeven andre oppgåver enn direkte kamp.Jenness, Diamond and Stuart E. Jenness, 2008. "Through Darkening Spectacles: Memoirs of Diamond Jenness" Mercury Series, History Paper 55, Gatineau, QC: Canadian Museum of Civilization, pp. 67-68.

I desember, 1918 søkte og fekk Jenness om løyve til permisjon for å fullføra studierapporten sin om Papua i Oxford, som var blitt forseinka på grunn av arbeidet hans med CAE og deretter av krigstenesta. Medan han var i Oxford fekk han høyra at hans eining var ei av dei fyrste til å bli sende heim frå krigen. Jenness vendte tilbake til Ottawa i mars 1919, og gifta seg neste månad med Eileen Bleakney, som han var trulova med. Etter ei bryllaupsreise til New Zealand byrja Jenness å skriva rapportane sine om Arktis-ekspedisjonen. Han produserte åtte rapportar for styresmaktene på totalt 1368 sider.Jenness, Diamond and Stuart E. Jenness, 2008. "Through Darkening Spectacles: Memoirs of Diamond Jenness" Mercury Series, History Paper 55, Gatineau, QC: Canadian Museum of Civilization, p. 76-77

Eit og eit halvt år etter at han vende tilbake frå krigen fekk Jenness ei fast stilling ved Victoria Memorial Museum, etter å tidlegare ha hatt åremål på eitt år. Han fekk i oppdrag å studera ulike urfolk i Canada.Jenness, Diamond and Stuart E. Jenness, 2008. "Through Darkening Spectacles: Memoirs of Diamond Jenness" Mercury Series, History Paper 55, Gatineau, QC: Canadian Museum of Civilization, p. 78

Den fyrste gruppa han studerte var sarceefolk som budde på eit reservat i Calgary i Alberta. Dette var det fyrste møtet hans med dei forferdelege tilhøva kanadiske urfolk levde i på reservata.Richling, Barnett (2012). In Twilight and in Dawn: A Biography of Diamond Jenness (Volume 67) (McGill-Queen's Indigenous and Northern Studies). Montreal, Quebec: McGill-Queen's University Press. p.163 ISBN 978-0773539815. Etter å ha vore hjå sarceefolket utførte Jenness feltarbeid med sekanifolk, beothukfolk (no utdøydde), ojibwafolk og salishfolk. Collins og Taylor har kalla Jenness sitt verk Indians of Canada som «the definitive work on the Canadian aborigines, dealing comprehensively with the ethnology and history of the Canadian Indians and Eskimos.»

Arkeologisk verksemd Sjølv om Jenness brukte det meste av tida si på å studera urfolk og utføra administrativt arbeid, kunne han også identifisera to viktge førhistoriske arktiske kulturar gjennom arkeologisk arbeid: Dorsetkulturen i Canada (i 1925)Jenness, D., 1925. "A new Eskimo culture in Hudson Bay". Geographical Review, vol. 15, no. 3, pp. 428–437. og Thulekulturen (Old Bering Sea culture) i Alaska (i 1926).Jenness, D., 1928. "Archaeological investigations in Bering Strait, 1926". National Museum of Canada Bulletin no. 50, pp. 71–80. Han er seinare blitt kalla «Father of Eskimo Archaeology.»Collins, Henry B., 1967. "Diamond Jenness: Arctic Archaeology". The Beaver, Autumn, pp. 78–79. Desse funna var fundamentale i å forklara migrasjonsmønster. Synspunkta til Jenness blei sett på som «radikale» i samtida hans, men er blitt støtta av seinare forsking. Helmer har skrive: «These theories are now widely accepted, having been vindicated by carbon-14 dating and subsequent field research.»

I 1926 blei Jenness Chief Anthropologist i Canade etter dr. Edward Sapir, som Chief of Anthropology ved National Museum of Canada. Denne stillinga hadde han til han pensjonerte seg i 1948.

Andre verdskrigen