Pizzabakaren er ei norsk pizzarestaurantkjede. Pizzabakaren er basert på henting og har meir enn 200 pizzabakeri fordelt i alle fylka i Noreg. Pizzabakeren har òg pizzarestaurantar i Sverige, Danmark, Irland og Kina.
Soge I 2003 vart Pizzabakaren skipa av William Gulliksen og Arild Ask Bringeland etter at dei slo saman pizzautsala sine, «Hundvåg Krossen Pizza» og «Pizzabakaren», for å danna éi kjede i Stavangerregionen med hjelp frå Jan Henrik Jelsa og Hans Georg Jelsa. Pizzabakeren vart ein stor suksess etter at dei opna ein ny restaurant på Klepp, og vart den pizzakjeda i landet som vaks snøggast. I 2015 skipa dei pizzarestaurantar utanfor Noreg, fyrst i Uppsala i Sverige. Den 10. august 2016 opna Pizzabakeren eit pizzabakeri i den kinesiske byen Qingdao.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pizzabakeren» frå , den 28. november 2022.
Kategori:Næringsliv i Sandnes Kategori:Norske snøggmatkjeder