Ballinciaga, òg kjend som berre Ballin, er ei norsk musikkgruppe som gjev ut musikk innan dansemusikk- og popmusikk-sjangeren.
Soge Ballinciaga har sidan 2018 gjeve ut russelåter, men fekk fyrst det store gjennombrotet sitt med singelen «Loud Luxury 2022» saman med rapparen Kevin Lauren. Ballinciaga fekk si fyrste topplassering på den norske singellista i 2022 med singelen «Dans på bordet» saman med TikTok-ar og musikar David Mokel.
I april 2022 publiserte David Mokel ein video der han påstod at gruppa skulda han mellom 70 000 og 100 000 kroner. I ettertid gjekk begge partar ut og opplyste at det ikkje fanst nokon slik gjeldspost, og at videoen berre vart laga for å vekkja åtgaum rundt gruppa.
I 2022 tok gruppa del i Debatten på NRK om russetida og russemusikk, seinare i 2022 opptredde dei på VG-lista på rådhusplassen i Oslo. Dei vart nominerte til to prisar av P3 Gull 2022 for årets artist og årets låt med songen «Dans på bordet».
Dei tre medlemene i gruppa opptrer alltid med rosa finlandshetter for å halda sin eigen identitet løynleg.
Diskografi (utval) 2022: «Dans på bordet» (singel) – med David Mokel 2022: «Beklager (guttaklubben)» (singel) – med Kris Winther 2022: «Tante» (singel) – med Kevin Lauren 2022: «Alt jeg vil (Skallebank 2022)» (singel) 2022: «Loud Luxury 2022» (singel) – med Kevin Lauren 2022: «Hot Boy Summer (Daydream 2022)» (singel) 2022: «Kjære Alkohol» (singel) - med Roc Boyz 2022: «Block Party» (singel) - med ADAAM
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ballinciaga» frå , den 5. desember 2022.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Balinciaga i Debatten i tv.nrk.no. Kategori:Norske popgrupper
kategori:Norske musikkgrupper kategori:Musikkgrupper skipa i 2018 kategori:russemusikk