Shania Twain (, opphavleg Eilleen Regina Edwards) er ein canadisk songar som blandar country og pop.

Bakgrunn Twain blei fødd i Windsor i Ontario i Canada, og voks opp i småbyen Timmins. Ho var den midterste av dei tre døtrene til Clarence og Sharon Edwards (systera Jill er to år eldre og Carrie-Ann tre år yngre). Då ho var seks år gifta mor hennar seg med Jerry Twain, ein ojibwamann frå Timmins i Ontario i Canada. Twain adopterte Shania som sitt eige barn, noko som etter lova gjorde henne til 50 prosent urinnvånar. Den biologiske faren til Twain var av delvis fransk-canadisk og cree-avstamming.Twain, Shania. From This Moment On, Atria Books, Kindle-utgave, 2011, s. 2, jf. også Tore På Sporet, NRK, 1. oktober 2009. Ho lærte å spela gitar som barn, og brukte det meste av fritida si på å synga og spela.

Karriere Som barn song Shania Twain i barar etter stengetid, og som trettenåring opptredde ho på Tommy Hunter Show på Canadian Broadcasting Corporation (CBC) i Canada. Då Twain var 22 år gammal, blei begge foreldra hennar drepne i ei ulykke, og etter denne tragiske hendinga fekk ho juridisk ansvar for ei syster og dei to halvbrørne sine Mark og Darryl. Dette ansvaret innebar at ho måtte legga den musikalske karrieren sin mellombels på is. I 1991 bytta ho namn til Shania, og skreiv ein kontrakt med Mercury Nashville same år.Eggar, Robin. Shania Twain: The Biography, Country Music Television Inc., Pocket Books, 2005, s. 103.

Det fyrste albumet blei knapt lagt merke til, men det andre albumet hennar, som kom ut i 1995 selde enormt, og braut verdsrekordar i sal. The Woman in Me selde 20 millionar verda over. Det tredje albumet hennar Come On Over blei tidenes mest selde countryalbum og tidenes mest selde album av ein kvinneleg artist. Come On Over selte over 40 millionar eksemplar i heile verda. UP, som var det fjerde albuma hennar, selde òg over 20 millionar verda over.

29. september 2017 gav Shania Twain ut den femte soloplata si. Ho omfatta singlane «Life's about to get good» og «Swingin' with my eyes closed».

Diskografi

1993 – Shania Twain 1995 – The Woman in Me 1997 – Come On Over 1999 – Come On Over (internasjonal versjon) 2001 – The Complete Limelight Sessions 2002 – Up! 2004 – Greatest Hits 2015 – Still the One: Live from Vegas 2017 – Now 2023 – Queen of Me

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Shania Twain» frå , den 10. desember 2022.

Kategori:Order of Canada Kategori:Countrysongarar Kategori:Kanadiske songarar