«Fade to Black» (norsk omsetjing 'dimme til mørke', her i tydinga 'falme bort') er ein popballade frå 2022 med den aserbajdsjanske songaren Nadir Rüstəmli. Songen vart gjeven ut 21. mars 2022 og var det aserbajdsjanske bidrag til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. Songen er skriven av Andreas Stone Johansson, Anderz Wrethov, Sebastian Schub og Thomas Stengaard.

Om songen «Fade to Black» er ein popballade som handlar om slutten på eit forhold, eit som sakte falmar bort. Hovudpersonen går gjennom ein tung sorgprosess med sinne og fornekting over at forholdet er over.

Songen er skriven av eit svensk-tysk-dansk låtskrivarteam sett saman av Andreas Stone Johansson, Anderz Wrethov, Sebastian Schub og Thomas Stengaard. Fleire av dei har skrive ei rekkje andre songar i Eurovision Song Contest tidlegare, blant anna «El Diablo» av Élena Tsagrinoú og «Only Teardrops» av Emmelie de Forest, vinnarsongen frå 2013.

Eurovision Song Contest Den 30. desember 2021 opna den aserbajdsjanske kringkastaren İctimai Televiziya (İTV) opp for å sende inn bidrag til Eurovision Song Contest 2022. Innsending av bidrag vart stengd 31. januar 2022. Alle som sende inn bidrag, måtte også oppgje ei kort skildring av seg sjølv. Til slutt plukka İTV ut seks bidrag av rundt 300 innsende songar.

Nadir Rüstəmli vart 16. februar 2022 kunngjord som den utvalde artisten under morgonsendinga til İTV ('God morgon, Aserbajdsjan'). Etter valet av Rüstəmli, gjekk han og kringkastaren saman om å velje det aserbajdsjanske bidraget ut frå dei seks songane som var kortlista. Til slutt fall valet ned på «Fade to Black».

«Fade to Black» deltok i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest 2022 i Torino torsdag 12. mai. Der fekk songen 0 poeng i telefonavrøystinga, men nok jurypoeng til å ta seg vidare til finalen laurdag 14. mai. I finalen vart «Fade to Black» nummer 16 av 25 bidrag med 106 poeng, der berre 3 poeng kom frå sjåarane.

Listeplasseringar Liste (2022) Høgasteplassering Litauen (AGATA) 69

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fade to Black (Nadir Rüstəmli-sang)» frå , den 11. desember 2022.

Kategori:Aserbajdsjanske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar