Aysén-regionen (spansk Región de Aysén eller Región de Aysén del General Carlos Ibáñez del Campo) er ein av dei seksten regionane i den administrative inndelinga av Chile, og omfattar fire provinsar, Coyhaique, Aysén, General Carrera og Capitán Prat. Han grensar til Los Lagos-regionen i nord, til Magallanes-regionen i sør og til Argentina i aust. Coyhaique er hovudstad i regionen.

Dette er den tredje største regionen i landet målt i flatevidd, men med minst folkesetnad, 102 317 per 2017.

Kjelder

Denne artikkelen inneheld omsett tekst frå «Aysén Region» frå , den 4. januar 2023

Bakgrunnsstoff

Kategori:Regionar i Chile