Skea kyrkje skal i mellomalderen ha stått på garden Skea, like nordaust for Lørenfallet i Sørum. Dette er berre eit par kilometer frå hovudkyrkja i Sørum, men Skea er omtala som sokn i 1412. Mot dette hevdar Jan Brendalsmo at omtale av soknet ikkje utan vidare inneber at kyrkja var i bruk. Ho kan ha vore ute av bruk på 1400-talet. I biskop Eystein Aslaksson si jordebok vert det da òg sagt at det ikke vart ført rekneskap for året 1400, og for 1393 finst inga opprekning av landskyld, slik det er for nabokyrkjene. Kyrkjestaden let seg ikkje påvise fysisk, for i 1768 vart garden Skea ramma av eit leirskred der 16 menneskeliv gjekk tapt. Men då hadde kyrkja vore nedlagd i lang tid. Ein veit ingenting om korleis kyrkja såg ut.
Kjelder
Fotnotar Jan Brendalsmo og Jan-Erik G. Eriksson: Kildegjennomgang. Middelalderske kirkesteder i Akershus (Riksantikvaren, 2015), s. 28. Diplomatarium Norvegicum V:481
Skea, forsvunnet kirke i Norges kirker
Denne artikkelen bygger på «Skea kirke» frå , den 9. januar 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Lillestrøm Kategori:Kulturminne i Lillestrøm