Aslaug Hannestad Jevanord () var ein norsk forfattar som skreiv under pseudonymet Anitra. Willy Bakken omtalar ho i Norsk biografisk leksikon som «en av tidenes mest leste kvinnelige norske forfattere».Willy Bakken

Liv Jevanord var dotter av skipsmeklaren Andreas Hannestad og Anna Marie Hervig, og vaks opp på Holmen i Fredrikstad. Ho hadde utdanning som danselærar frå Paris. I 1914 vart ho gift med Thoralf Wilberg. Ekteparet fekk to barn og budde ei tid i Stockholm. Etter at det fyrste ekteskapet var oppløyst gifta ho seg på nytt med Jacob Roll. Dei var busette utanfor Hamar. Også dette ekteskapet vart oppløyst.

I sitt tredje ekteskap, frå 1938, var ho gift med Hans Kristian Jevanord. Etter andre verdskrigen budde ho i villaen «Trollbakken» i Ringsaker. Her var ho blant anna engasjert i arbeid for den lokale avdelinga av Raudekrossen.

Forfatterskap Som forfattar skreiv Aslaug Jevanord under pseudonymet Anitra. Frå 1924 skreiv ho petitartiklar for Aftenposten om ungjenta Peggi. Denne artikkelserien vart seinare utgjeven som ungjentebøker på Nasjonalforlaget i fire bøker, frå 1943 til 1946. Debutromanen hennar, En rytter i alléen, var ein av dei. Frå 1948 gav ho bøkene sine ut på Ernst G. Mortensens forlag.

Mange av bøkene var kjærleiksdrama om livet på hedmarksbygdene i 1930-åra. Mange av romanane hadde undertittelen «Slektsroman fra de brede bygder». Ifølgje forfattarleksikonet til Willy Dahl vert bøkene hennar rekna «av mange kritikere som selve prototypen på romantiserende underholdningslitteratur». Ho skreiv også nokre erindringsromanar frå Fredrikstad-området.

Romanane hennar kom ut på nytt i pocket-utgåve hos Ernst G. Mortensens forlag 1978–1980.

Utgjevingar (utval) Ring om månen (1943) Skjebnekryss (1944) Bitter sødme (1949) Storgårdsliv (1955) Flammende høst (1960) Lys og skygge over Leikvin (1965) Brudekronen (1970)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aslaug Jevanord» frå , den 1. mars 2023.

Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Folk frå Fredrikstad Kategori:Folk frå Ringsaker