Solveig Margrethe Barstad () er ein norsk programleiar for TV 2.
Bakgrunn og familie Solveig Barstad vart fødd i Førde. Ho har hovudfag i statsvitskap og grunnfag i historie og offentleg rett frå Universitetet i Oslo.
Barstad er dotter av Helge Barstad og syster av Hilde Barstad, begge Høgre-politikarar. Saman med systera var ho aktiv i Unge Høgre i 1980-åra og tok del i elitekurset til Unge Høgre i 1986. Solveig Barstad er gift med Høgre-politikaren Jan Tore Sanner.
Karriere Solveig Barstad arbeidde tidlegare i NRK Dagsnytt og har vore journalist i NRK Sogn og Fjordane og kanalvert i NRK. Sidan 1995 har ho vore knytt til TV 2, fyrst som programleiar og redaksjonsleiar i God morgen Norge før ho i 2000 tok over som programleiar i TV 2 hjelper deg etter Arve Juritzen. Barstad har òg leidd program som Redd ferien min og Matkontrollen på TV 2.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Solveig Barstad» frå , den 3. mars 2023.
Bakgrunnsstoff Solveig Barstad i Internet Movie Database.
Kategori:Folk frå Førde Kategori:Høgrepolitikarar i Sogn og Fjordane Kategori:NRK-journalistar Kategori:Programleiarar for TV2