Fuglestjerne (Ornithogalum umbellatum) er ei plante i fuglestjerneslekta i aspargesfamilien. Arten kjem opphavleg frå Sør-Europa.
I Noreg er arten ein framandart som tidleg vart innført som prydplante og som vart funnen forvilla i 1866. Arten er sjeldan dyrka i dag, men er naturalisert og veks spreidde stader sør på Austlandet og langs kysten til Trøndelag. Mest vanleg er han frå Sørlandet til Bergen. I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH), oppgradert frå låg risiko (LO) i 2018.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fuglestjerneslekta