Hybridklokkeblåstjerne (Hyacinthoides ×massartiana) er ei plante i klokkeblåstjerneslekta i aspargesfamilien. Arten er oppstått som ein spontan hybrid mellom klokkeblåstjerne og spansk klokkeblåstjerne (H. hispanica × H. non-scripta) i dei områda sørvest i Europa der båe foreldreartane veks.
I Noreg er hybridarten ein framandart som er innført som prydplante og som først vart funnen forvilla i 1990. Arten er i rask auke og veks mange stader langs kysten frå Vestfold til Møre. Han er truleg ofte forveksla med foreldreartane. I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH), oppgradert frå låg risiko (LO) i 2018.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Klokkeblåstjerneslekta