høgre|mini|Moderne guzheng med 21 strenger mini|Guzhengspel Guzheng (kinesisk skrift 古筝, pinyin gǔzhēng, «antikk zheng») er eit populært tradisjonelt kinesisk strengeinstrument i siterfamilien. Med røter i den kinesiske antikken og det i dag ikkje lenger nytta strengeinstrumentet se er guzheng framleis eit instrument i utvikling.

Talet på strenger og lengda på instrumentet kan variere. Lenge var 12 strenger vanleg, men i dag har den vanlegaste typen 21 strenger. Tradisjonelt var strengene av silke, men i dag er dei av metall med nylonbinding.

Guzheng er eit av dei vanlegare tradisjonelle instrumenta i dagens Kina, og er ofte brukt i kinesisk filmmusikk. Det kan òg høyrast i andre sjangrar, som jazz, rock og eksperimentell musikk.

Eldre former av guzheng er blitt spreidd frå Kina til andre land i Aust- og Søraust-Asia: Japan (koto), Korea (gayageum) og Vietnam (đàn tranh).

Mange musikarar som speler dette instrumentet kan nytta fingerplekter.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Guzheng» frå , den 17. april 2023.

Litteratur

Han Mei: «Zheng», i The New Grove Dictionary of Music and Musicians, second edition, edited by Stanley Sadie and John Tyrrell (Oxford, 2001).

Bakgrunnsstoff

Mehr zur Zheng und ein Klangbeispiel Homepage von Chanyuan Zhao Homepage von Xu Fengxia Seite mit Informationen und Klangbeispielen Seite von Philmultic Management, mit Informationen und Klangbeispielen

Kategori:Siterinstrument Kategori:Kinesisk musikk