Lampornithini er ein av dei tre biologiske tribusane (stammar) som utgjer underfamilien Trochilinae i kolibrifamilien Trochilidae. Dei to andre stammane i underfamilien er Mellisugini («bikolibrar») og Trochilini («smaragdar»). Det uformelle engelske namnet mountain gems er foreslått for denne gruppa, her omsett til «fjelljuvelar».

Utbreiing

Per 2023 samlar denne stammen totalt 18 artar fordelte på 7 slekter. Utbreiingsområdet for dei fleste artane i Lampornithini ligg i Mellom-Amerika og nord til sørlege og sentrale Mexico, og dette inkluderer alle artane i den største slekta, Lampornis. To artar trekker nordover for hekking og kan treffast nord til sørlegaste Arizona og New Mexico. Dette er blåstrupejuvel (Lampornis clemenciae) og purpurissekolibri (Eugenes fulgens). Saksekolibri (Hylonympha macrocerca) er endemisk for Pariahalvøya i nordvaustlege Venezuela. Skjoldkolibri (Sternoclyta cyanopectus) er utbreidd frå kystfjella i nordlege Venezuela, sørvestover langs Andes inn i Colombia, omtrent til Bucaramanga. Slekta Heliomaster lever i Brasil, med ein art sør til nordlege Argentina og til austlege Bolivia.

Fylogeni

Ein molekylær fylogenetisk studie av kolibriane publisert i 2007 fann at artane dannar ni store kladar. Då Edward Dickinson og James Van Remsen, Jr. oppdaterte Howard and Moore Complete Checklist of the Birds of the World for den 4. utgåva i 2013, baserte dei klassifiseringa si på desse resultata og plasserte tre av dei ni kladane i underfamilien Trochilinae. Kladane vart plasserte i separate stammar som dei kalla Mellisugini («smaragdar»), Lampornithini («fjelljuvelar») og Mellisugini («bikolibriar»). Stammen Lampornithini med den noverande avgrensinga vart introdusert i 2009.

Molekylær fylogenetiske studiar av Jimmy McGuire og medarbeidarar publiserte mellom 2007 og 2014 bestemde forholdet mellom hovudgruppene av kolibriar. Dei latinske namna i kladogrammet nedanfor er dei som vart foreslått av Dickinson og Remsen i 2013.

Kladogram for kolibrifamilien:

Artsliste Stamme Lampornithini, «fjelljuvelar», i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023, med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler. Utval av slekter, samt IUCN raudlistekategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist. Bilete Slekt Nolevande artar Sternoclyta Skjoldkolibri, Sternoclyta cyanopectus, Violet-chested hummingbird, (Gould, 1846), (LC) Hylonympha Saksekolibri, Hylonympha macrocerca, Scissor-tailed hummingbird, Gould, 1873, (EN) Eugenes Purpurissekolibri, Eugenes fulgens, Rivoli's hummingbird, (Swainson, 1827), (LC) Talamancakolibri, Eugenes spectabilis, Talamanca hummingbird, (Lawrence, 1867), (LC) Panterpe Eldstrupekolibri, Panterpe insignis, Fiery-throated hummingbird, Cabanis & Heine, 1860, (LC) Heliomaster Langnebbstjernestrupe, Heliomaster longirostris, Long-billed starthroat, (Audebert & Vieillot, 1801), (LC) Bronsestjernestrupe, Heliomaster constantii, Plain-capped starthroat, (Delattre, 1843), (LC) Bandstjernestrupe, Heliomaster squamosus, Stripe-breasted starthroat, (Temminck, 1823), (LC) Blåstjernestrupe, Heliomaster furcifer, Blue-tufted starthroat, (Shaw, 1812), (LC) Lampornis Kvitbukjuvel, Lampornis hemileucus, White-bellied mountaingem, (Salvin, 1865), (LC) Blåstrupejuvel, Lampornis clemenciae, Blue-throated mountaingem, (Lesson, RP, 1830), (LC) Amestyststrupejuvel, Lampornis amethystinus, Amethyst-throated mountaingem, Swainson, 1827, (LC) Flekkstrupejuvel, Lampornis viridipallens, Green-throated mountaingem, (Bourcier & Mulsant, 1846), (LC) Flekkbrystjuvel, Lampornis sybillae, Green-breasted mountaingem, (Salvin & Godman, 1892), (LC) Purpurstrupejuvel, Lampornis calolaemus, Purple-throated mountaingem, (Salvin, 1865), (LC) Gråhalejuvel, Lampornis cinereicauda, Grey-tailed mountaingem, (Lawrence, 1867), (LC) Kvitstrupejuvel, Lampornis castaneoventris, White-throated mountaingem, (Gould, 1851), (LC) Lamprolaima Granatkolibri, Lamprolaima rhami, Garnet-throated hummingbird, (Lesson, RP, 1839), (LC) Kjelder

Artikkelen bygger på «Lampornithini» frå , den 17. april 2023

Referansar

Kategori:Kolibrifamilien