Hat Trick er det tredje studioalbumet til den amerikanske folkrocktrioen America, utgitt på Warner Bros. Records i 1973. Det nådde 28. plassen på Billboard-albumlista. Det selde ikkje til gullplate, medan dei to første utgivingane deira hadde selt til platinaplate. Albumet produserte singelen «Muskrat Love», som nådde 67. plassen på Billboard-lista og 11. plassen på Adult Contemporary-lista. Songen kom til å bli ein mykje større hit for Captain & Tennille tre år seinare.

America nytta strykearrangement for første gong på eit album, med assistanse frå Jim Ed Norman.

Mottaking

I AllMusic-meldinga si skreiv Mike DeGagne at albumet vakla «hovudsakleg fordi songane mangla dei hjartelege folkrockmelodiane og den merksame låtskrivinga som rådde på dei tidlegare utgivingane. 'She's Gonna Let You Down' og 'Rainbow Song' er dei beste kutta på albumet, men banale tilbod som 'Green Monkey', 'Willow Tree Lullaby' og 'Molten Love' får Bunnell og Peek til å komma ut av kurs, og høyrast forelda og musikalsk svake ut.» The Rough Guide to Rock kalla Hat Trick «eit av countryrockens store tapte album.» The Rolling Stone Album Guide vurderte «Muskrat Love» som «eit tidleg lågmål i søtheit.»

Innhald

Medverkande America Gerry Beckley - gitar, klaverinstrument, solo- og korvokal Dewey Bunnell - gitar, solo- og korvokal Dan Peek - gitar, klaverinstrument, solo- og korvokal med: David Dickey – bassgitar Hal Blaine – trommer, perkusjon (utanom «Muskrat Love») Henry Diltz – banjo («Submarine Ladies») Billy Hinsche – korvokal («Hat Trick») Bruce Johnston – korvokal («Hat Trick») Lee Keifer – munnspel («Submarine Ladies») Robert Margouleff – synthesizer Chester McCracken – conga Jim Ed Norman – arrangement, piano («She's Gonna Let You Down») Tom Scott – saksofon («Rainbow Song») Joe Walsh – gitar («Green Monkey») Carl Wilson – korvokal («Hat Trick») Lorene Yarnell – taps («Hat Trick»)

Produksjon Gerry Beckley – produsent Dewey Bunnell – produsent Dan Peek – produsent Gary Burden – kunstnarisk leiar Henry Diltz – fotografi Lee Keifer – assisterande lydteknikar Mike D. Stone – lydteknikar på Record Plant

Salslister Liste (1973-1974) Plassering Australske album (Kent Music Report)24 Spania (AFYVE) 24

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hat Trick (America album)» frå , den 17. april 2023. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:America-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Album spelte inn i Record Plant i Los Angeles