Craig Huxley, òg kjend som Craig Hundley ()) er ein USA-amerikansk skodespelar, oppfinnar og musikar. Han leia tre album gjevne ut av Pacific Jazz Records seint i 1960-åra.

I 1967 spelte han nevøen til kaptein Kirk i Star Trek-episoden «Operation Annihilate!». Året etter spelte han ei anna rolle i episoden «And the Children Shall Lead». Som barn spelte han òg på TV i Kung Fu, The Flying Nun og Bewitched.

Det første albumet hans, Arrival of a Young Giant, var eit trioalbum med Hundley (piano), Jay Jay Wiggins (bass) og Gary Chase (trommer) som vart gitt ut i 1968. Craig Hundley Plays with the Big Boys, frå året etter, hadde eit storband i tillegg til trioen. Utgivinga frå 1969, Rhapsody in Blue, hadde òg eit storband, og inkluderte Ed Thigpen på trommer.

Huxley fann opp eit musikkinstrument – ei vidareutvikling av blaster beam i aluminium – på 1970-talet. Designet hans vart patentert i 1984. Instrumentet vart brukt i lydsporet til Star Trek: The Motion Picture, og Huxley spelte instrumentet på musikken til 10 Cloverfield Lane.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Craig Huxley» frå , den 20. april 2023. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:USA-amerikanske pianistar Kategori:USA-amerikanske barneskodespelarar