Get a Grip er det ellevte studioalbumet til det amerikanske rockebandet Aerosmith, gjeve ut i april 1993 på Geffen Records. Get a Grip var det siste albumet bandet gav ut på Geffen før dei vende attende til Columbia Records.

Get a Grip inneheldt gjesteartistar som Don Henley, som song backup på «Amazing», og Lenny Kravitz, som bidrog med vokal og samarbeid på «Line Up». Som på Permanent Vacation og Pump, inneheldt dette albumet mange songsamarbeidspartnarar utanfor bandet, som: Desmond Child, Jim Vallance, Mark Hudson, Richie Supa, Taylor Rhodes, Jack Blades og Tommy Shaw.

Get a Grip vart det bestseljande studioalbumet til Aerosmith på verdsbasis, med eit sal på over 20 millionar eksemplar. Albumet vart det første albumet til bandet til å nå førsteplassen i USA og i lag med Pump det nest mest selde albumet deira i USA, med over 7 millionar selde eksemplar per 1995 (Toys in the Attic leier med ni millionar). Dette gjorde det òg til deira tredje album på rad med minst fem millionar selde eksemplar i USA. To songar frå albumet vann Grammyprisen for beste rockesong av ein duo eller gruppe med vokal i 1993 og 1994. Albumet vart kåra til årets album av lesarane i Metal Edge i 1993, medan «Livin' on the Edge» vart kåra til beste video.Metal Edge, juni 1994

Produksjon Albumet hadde opphavleg 12 songar og var planlagt gitt ut i tredje kvartal 1992, men Geffen A&R-sjef John Kalodner høyrde på det som var spelt inn og meinte det mangla variasjon og ein radiovenleg låt. Så bandet gjekk tilbake for å skriva fleire songar med samarbeidspartnarar som Child.Balk This Way , Entertainment Weekly. Av David Browne | 05. februar 1993

Rundt songar som reflekterer over historia til bandet med stoffmisbruk som «Get a Grip» og «Amazing», uttalte Steven Tyler: «Me sa at du kan peika det tilbake til nokre av dei gamle førestillingane om korsvegen og å avtala med djevelen, at du kan sjå på stoffa som det: Det kan vera morosamt i byrjinga, men så kjem tida for å betala gjelda di, og viss du ikkje er skarp nok til å sjå at det tek deg ned, så vil det verkeleg ta deg.»

Mange songar vart skrivne og spelte inn til albumet som anten vart brukt som B-sider eller aldri gitt ut. «Don't Stop» og «Head First» vart gitt ut som B-sider, og dessutan «Can't Stop Messin'», som òg finst på fleire spesialutgåver av albumet som eit tillegg i sporlista. Alternative versjonar av andre songar spelt inn under øktene, inkludert «Deuces Are Wild», «Lizard Love», «Devil's Got a New Disguise» og «Legendary Child» har sidan vorte gitt ut på ulike album og soundtrack.

Andre songar vart oppført på den offisielle Aerosmith-nettsida på slutten av 1990-talet. «Black Cherry», «Dime Store Lover», «Meltdown», «Rocket 88», «Wham Bam» og «Yo Momma» vart oppført på tekstsida på nettstaden. I 2005 stadfesta Kalodner eksistensen av fleire av desse songane, og dessutan «Trouble», «Strange», «13» og «Keep on Movin'». «Deuces Are Wild» vart kanskje spelt inn på nytt under desse sesjonane. Fleire songar er òg oppførte på opphavsrettslege repertoar, mellom anna «Ain't Gonna Break My Heart», «Good Thang» og «Jake». Desse songane kan sporast tilbake til 1991.

Plateomslag Omslaget til Get a Grip syner eit bilete av ei ku med ein piercing gjennom juret og eit merke i form av Aerosmith-logoen. Det vart designa av den kjende plateomslag-kunstnaren Hugh Syme. Musikkritikar Steven Hyden har referert til coveret som «det verste albumcoveret nokosinne», og uttrykte overrasking over at Syme var ansvarleg for det med tanke på andre arbeid han hadde gjort. Ei dyrerettsgruppe protesterte mot coveret, men bandet stadfesta at biletet var digitalt endra og ikkje viste ei faktisk dyremishandling.Davis, S. og Aerosmith: «Walk This Way», side 502-503. Avon, 1997

Ei spesialutgåve av albumet vart gitt ut i eit stoffdekka etui laga for å likna kuskinn.

Første digitale nedlasting Den 27. juni 1994 vart Aerosmith den første store artisten til å gi ut ein låt som ein eksklusiv digital nedlasting, og gjorde «Head First» tilgjengeleg som ein 4-megabyte WAV-fil til CompuServe-abonnentar.. Rundt 10 000 brukarar lasta ned songen dei første dagane, sjølv om dei fleste på den tida hadde tilgang til tenesta med modem, noko som tyder at nedlastinga ville ha teke det meste av ein time. «Head First» vart tidlegare brukt som B-sida til «Eat the Rich».

Mottaking

I ei melding for Rolling Stone i 1993 sa Mark Coleman at han likte tittelsongen og samanlikna innleiingssporet med versjonen til bandet av «Walk This Way» med Run-D.M.C. frå 1986. Han fann likevel mykje av resten lite eventyrleg og for «dystert», og samanlikna «Livin' on the Edge» negativt med ein Bon Jovi-song, og beklaga dei eksterne bidraga frå låtskrivarar og samarbeidspartnarar. Til slutt fastslo Coleman at «i ein livleg halvtime eller så kjem Aerosmith ganske mykje over på rein æreskremmande teknikk». Robert Christgau var meir positiv i ei samtidig melding for Playboy, og sa at sjølv om albumet «av og til utnyttar rap-sambandet deira», held det seg likevel nær Aerosmith-malen som er «rask og langsam; lyrisk er det faen meg og faen deg», men med ein slik superproff knas og engasjement at ingen headbangerar med god timing vil bry seg ein drit. Christgau framheva «Cryin'» som «klassikaren» på albumet, medan han sa at «det næraste ein kjem eit dårleg spor er den 'meiningsfulle' 'Livin' on the Edge', som kan bli ein hit uansett.» Han rangerte seinare albumet på 64. plassen på si «Dean's List» som følgde The Village Voice sin årlege Pazz & Jop-kritikaravstemming over årets beste album, og gav plata ein A minus i boka si frå 2000 Christgau's Consumer Guide: Albums of the '90s.

Innhald

Omgåande etter «Amazing» høyrest eit utdrag av «Who Threw the Whiskey in the Well», av Lucky Millinder, som om det blir stilt inn på ein gammal radio. Tyler seier: «Så frå alle oss i Aerosmith til alle de der ute, same kvar de er, hugs: lyset i enden av tunnelen kan vera dykk. God natt.» Musikken blir deretter tona ut.

Medverkande Aerosmith Steven Tyler – solovokal, klaverinstrument, mandolin, munnspel, ekstra perkusjon, arrangør Joe Perry – gitar, korvokal, solovokal på «Walk On Down» Brad Whitford – gitar, sologitar på «Fever», «Gotta Love It» og «Flesh» Tom Hamilton – bassgitar, bass-solo på «Gotta Love It» Joey Kramer – trommer

Andre medverkande David Campbell – orkesterarrangement på «Crazy» og «Amazing» Desmond Child – klaverinstrument på «Crazy» John Webster – klaverinstrument Richard Supa – klaverinstrument på «Amazing» Don Henley – korvokal på «Amazing» Lenny Kravitz – korvokal på «Line Up» Paul Barontrompet Tom Keenlyside – saksofon Bruce Fairbairn – trompet, produksjon Ian Putzbarytonsaksofon Bob Rogerstrombone Liainaiala Tagaloa – kubbetrommer på «Eat the Rich» Mapuhi T. Tekurio – kubbetrommer på «Eat the Rich» Aladd Alationa Teofilo – kubbetrommer på «Eat the Rich» Melvin Liufau – kubbetrommer på «Eat the Rich» Wesey Mamea – kubbetrommer på «Eat the Rich» Sandy Kanaeholo – kubbetrommer på «Eat the Rich»

Produksjon LydteknikararJohn Aguto, Ed Korengo, Ken Lomas, Mike Plotnikoff, David Thoener, Karl Heilbron ForproduksjonsteknikarTony Lentini MiksingBrendan O'Brien MasteringGreg Fulginiti at Masterdisk MasteringrettleiarDavid Donnelly ProgrammeringJohn Webster ProduksjonskoordinatorDebra Shallman GitarteknikarDan Murphy Kunstnarisk leiarMichael Golob DesignHugh Syme FotografiEdward Colver, William Hames

Salslister

Vekeslister Liste (1993) Plassering Kanadiske album (RPM) 2 Finnish Albums (Suomen virallinen lista) 1 Den franske albumlista (InfoDisc) 24Italian Albums (Musica e Dischi) Set «Tipo» på «Album». Then, in the «Titolo» field, search «Get a grip». 17 Den japanske albumlista (Oricon) 7Spanish Albums (AFYVE)10

Årslister Liste (1993) Plassering Austerrikske album (Ö3 Austria) 17 Nederlandske album (Album Top 100) 80 Tyske album (Offizielle Top 100) 25 Spanish Albums (AFYVE) 33 Sveitisiske album (Schweizer Hitparade) 21UK Albums (OCC) 83 US Billboard 200 14 Liste (1994) Plassering Austerrikske album (Ö3 Austria) 5 Nederlandske album (Album Top 100) 11 Tyske album (Offizielle Top 100) 6 Sveitisiske album (Schweizer Hitparade) 5 US Billboard 200 21

Salstrofé og salstal

Prisar Grammyprisen ÅrVinnarKategori1993«Livin' on the Edge»Beste rockesong av ein duo eller gruppe med vokal1994«Crazy»Beste rockesong av ein duo eller gruppe med vokal

Metal Edge Readers' Choice Awards ÅrVinnarKategori1993Get a GripÅrets album1993«Livin' on the Edge»Beste video

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Get a Grip» frå , den 15. mai 2023. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1993 Kategori:Aerosmith-album Kategori:Geffen Records-album Kategori:Album produserte av Bruce Fairbairn Kategori:Album spelte inn i A&M Studios Kategori:Album spelte inn i Little Mountain Sound Studios Kategori:Nummer-ein-album i USA Kategori:Nummer-ein-album i Finland Kategori:Nummer-ein-album i Sveits