Ivan Aleksandrovitsj Ivankov () er ein belarusisk tidlegare turnar frå Minsk. Han vart verdsmeister i mangekamp i 1994 og 1997, og europameister i mangekamp i 1994 og 1996. Ivankov vann også tre gullmedaljar i lagtevlingar for Belarus, dei to fyrste i europameisterskap i turn, 1994 og 1997, den tredje og siste ved Turn-VM 2001 i Gent. I olympiske leikar var fire fjerdeplassar det beste han oppnådde.

Ivankov sanka åra 1994-2001 elleve (3-3-5) VM-medaljar og åra 1994-2006 fjorten (4-6-4) EM-medaljar i ulike turnøvingar og -tevlingar. Einast i hopp-øvinga vart han verande medaljelaus.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ivan Ivankov» frå , den 20. mai 2023.

Kategori:Belarusiske turnarar Kategori:Verdsmeistrar i turn Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 2000 Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 2004 Kategori:Folk frå Minsk